via NAV · 14 September 2026 ·5 days ago

Helsefagarbeidar

Ytre Haram dagsenter
Brattvåg Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Ønskjer du å vere med og skape meiningsfulle dagar for eldre og personar med hjelpebehov? Vi søkjer ein engasjert og positiv helsefagarbeidar til vårt dagsenter for eldre. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til dagsenterdrift på kvardagar, med arbeidshelg i heimetenesta. Dagsenteret er eit viktig tilbod som skal bidra til aktivitet, meistring, sosial deltaking og gode opplevingar for brukarane våre. Vi ser etter deg som trivst med å skape aktivitet, byggje relasjonar og bidra til eit inkluderande miljø.

Stillinga inngår i turnusordning og omfattar for tida arbeid på dag og kveld, og arbeid kvar 3. helg.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. 

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

ArbeidsoppgåverIvareta oppgåver knytt til stillinga som helsefagarbeidar.Planleggje, organisere og gjennomføre aktivitetar ved dagsenteret.Motivere til meistring, sosial deltaking og fysisk aktivitet.Bidra til gode opplevingar og ein trygg kvardag for brukarane.Samarbeide med pårørande og andre relevante samarbeidspartar.Ivareta dokumentasjonsplikt og bidra til fagutvikling.Rettleie og støtte elevar, lærlingar og studentar.Utføre pleie- og omsorgsoppgåver i heimetenesta på arbeidshelger.Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.Bidra til eit godt arbeidsmiljø.KvalifikasjonarOffentleg godkjent helsefagarbeidar.Førarkort klasse B.Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, med norskkompetanse på B2-nivå. Det blir lagt vekt på gode kommunikasjonsevner og evne til å kommunisere tydeleg med brukarar, pårørande og kollegaer.Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging.Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Personlege eigenskaparDu er kreativ, initiativrik og glad i å skape aktivitet saman med andre.Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.Du er engasjert og oppteken av fagleg utvikling.Du arbeider sjølvstendig og strukturert.Du er løysingsorientert og fleksibel.Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet.Du er oppteken av å sjå den enkelte brukar sine ressursar og moglegheiter.Du har evne til å byggje gode relasjonar til brukarar, pårørande og kollegaer.

Vi tilbyr

Ei spennande og variert stilling med kombinasjon av dagsenter og heimeteneste.Moglegheit til å vere med og vidareutvikle eit viktig aktivitetstilbod.Eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.Fokus på kvalitet, velferdsteknologi og framtidsretta tenester.Gode moglegheiter for fagleg utvikling.Løn etter tariff.KontaktinformasjonGrete Grytten, Avdelingsleiar, 48295440, grete.grytten@haram.kommune.no

Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

ArbeidsstadStorgata 18

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5177082879

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.09.2026

The market for this type of role

Similar openings
5
jobs in Brattvåg
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Brattvåg?
Currently 5 roles in Brattvåg on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.