via NAV · 7 September 2026 ·12 days ago

Psykolog/psykologspesialist til MBT-team ved Øyane DPS

Øyane allmennpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen HF
Straume Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Vi har ledig fast stilling som psykologspesialist eller psykolog ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk. Startdato etter nærare avtale.

Har du interesse for mentaliseringsbasert terapi (MBT) og behandling av pasientar med personlegdomsproblematikk? Då kan dette vere ei spennande moglegheit for deg.

Den ledige stillinga er knytt til fagteamet vårt for mentaliseringsbasert terapi (MBT). MBT-teamet er eit tverrfagleg behandlingsteam som gir mentaliseringsbasert behandling til pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsproblematikk. Teamet tilbyr strukturert behandling med individual- og gruppeterapi og arbeider etter prinsippa i MBT-modellen.

Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der samarbeid, rettleiing og fagleg utvikling står sentralt. Vi er opptatt av å halde oss fagleg oppdaterte og vidareutvikle behandlingstilbodet i tråd med ny kunnskap og forsking. Teamet har regelmessig rettleiing frå eksterne spesialistar, og vi legg til rette for undervisning, fagleg utvikling og erfaringsdeling. Vi ønskjer medarbeidarar som er nysgjerrige, engasjerte og som vil vere med på å utvikle tilbodet vidare.

Relevant kompetanse og erfaring med MBT, samt erfaring med behandling av pasientar med personlegdomsforstyrringar, vil bli vektlagt. For søkjarar som ikkje har relevant vidareutdanning, kan vi etter ei samla vurdering leggje til rette for dette.

Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden, eit område med om lag 65 000 innbyggarar og sterk befolkningsvekst. Vi ønskjer oss fagleg engasjerte medarbeidarar som vil bidra til vidare utvikling av tenestene våre, og høyrer gjerne frå deg som har noko du brenn for innan utgreiing og behandling av psykiske lidingar.
Øyane DPS held til i flotte lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå Bergen sentrum. DPS-et har to sengepostar, allmennpsykiatrisk seksjon og seksjon for psykoselidingar med åtte plassar kvar. I tillegg har vi psykosepoliklinikk/FACT og ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande akutteam.

Vi håpar du har lyst til å bli ein del av fagmiljøet vårt på Øyane DPS.

ArbeidsoppgåverUtgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i målgruppa for MBTGjennomføre individualterapi og/eller gruppeterapi i tråd med MBT-modellenVurdere indikasjon for MBT og bidra i planlegging og evaluering av behandlingsforløpDelta i tverrfaglege behandlingsmøte, kasusdrøftingar og rettleiing knytt til MBTBidra til koordinering og kontinuitet i pasientforløp og samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og aktuelle samarbeidspartnararBidra til fagutvikling, kvalitetssikring og vidareutvikling av MBT-tilbodet.For psykologspesialist: ivareta spesialistfaglege vurderingar og bidra med rettleiing og fagleg støtte til andre behandlararJournalføring, dokumentasjon og andre oppgåver knytt til forsvarleg pasientbehandlingKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som psykolog og/eller godkjend spesialitet i klinisk psykologiRelevant erfaringUtdanning og erfaring med MBT er ynskjeleg Særskild kompetanse vil bli lagt vekt påSøkjarar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftlegPersonlege eigenskaparMå ha gode samarbeidsevner og kunne bidra i vårt gode arbeidsmiljøPersonleg eigna for stillingaVi tilbyrLønn etter avtale Fagleg utvikling og høve til spissing av kompetanseSpennande utviklingsoppgåver 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonLinn Beate Hauge Støle, Seksjonsleiar, 91187975

ArbeidsstadBlombakkane 75

5354 Straume

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5174064395

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.09.2026

The market for this type of role

Similar openings
10
jobs in Straume
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Straume?
Currently 10 roles in Straume on AlmostHired, across 3 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.