Miljørettleiar
Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som miljørettleiar ved Nordfjordeid skule frå 01.08.2026.
Nordfjordeid skule ligg i sentrum av Nordfjordeid og er den største av barneskulane i Stad kommune. Skulen har 284 elevar fordelt på 1.-7. trinn.
I Stad kommune jobbar vi etter BTI-modellen, betre tverrfagleg innsats. Det vert forventa at alle som jobbar med gravide, barn, unge og foreldre, jobbar etter denne samhandlingsmodellen. Du kan lese meir om den her.
Meir informasjon om skulen finn du på nettstaden www.stad.kommune.no.
ArbeidsoppgåverStøtte og følge opp elevar både fagleg og sosialtLegge til rette for aktivitet og leik innanfor skulen sine satsingsområdeRettleiing og erfaringsutveksling gjennom team- og tverrfagleg samarbeid
Samarbeid med pedagogar og tilsette i andre roller, føresette og andre samarbeidspartar (BTI)Miljørettleiing både individuelt og i grupperRessurs for elevar og skulenBidra til eit trygt og inkluderande skule- og læringsmiljøBidra til meistringsopplevingar som fremjar psykisk helse og robuste barnKvalifikasjonarRelevant 3-årig høgskuleutdanning innanfor sosialfag og/eller psykisk helse. Aktuell utdanning kan vere sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar. Vi ser etter deg som likar å jobbe med barn og ungdom, og er framoverlent med god relasjonskompetanse Ønskjeleg med erfaring frå traumebevisst omsorg og evne til å jobbe målretta med endringsfokusert tilnærming Personlege eigenskaparEr sjølvstendig, strukturert og systematiskEvne til å vise omsorg, skape tryggleik og bygge gode relasjonar både til enkeltbarn, grupper og føresetteVere ein tydeleg, trygg og forutsigbar vaksenEvne til å kunne sjå hemmande og fremjande faktorar i skule- og læringsmiljøFleksibel og løysingsorientert
Gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i teamPersonlege eigenskapar blir lagt vekt påGode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnlegVi tilbyrGodt lærings- og arbeidsmiljøLøn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningarHøve til fagleg utvikling Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir referanse av ny dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.
For meir informasjon om stillinga, kan du ta direkte kontakt med:
Nordfjordeid skule v/rektor Anne-Grete Eikås telefon 95 90 62 37
KontaktinformasjonAnne-Grete Eikås, Rektor Nordfjordeid skule, 95 90 62 37, age@stad.kommune.no
ArbeidsstadSkulevegen 33
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5135974104
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗