via nav · 27 May 2026 ·10 days ago

Fagleiar offentlege innkjøp

Kultur og samfunn, Stad kommune
Nordfjordeid Full-time
7 jobs in Nordfjordeid — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Innkjøp er eit strategisk viktig område for Stad kommune og skal vere med på å sikre at vi når måla våre. Stad kommune ønskjer å styrke arbeidet med offentlege innkjøp, og har ledig 100 % stilling som fagleiar for offentlege innkjøp.

Stad kommune kjøper varer og tenester til kommunal eigenproduksjon i drift for om lag 115 mill kroner i året, noko som utgjer om lag 15 % av det årlege driftsbudsjettet.
I tillegg kjøper kommunen varer og tenester for om lag  50 mill kroner per år over investeringsbudsjettet. ​Våre viktigaste innkjøp er bygg- og anleggskontraktar​, konsulenttenester​ og varekjøp​. Vi har eit stort omfang av rammeavtaler som er viktige for å levere gode tenester.

Vi søkjer deg som har god erfaring med offentlege innkjøp og som ønskjer å medverke til at Stad kommune når sine mål. Du vil gje råd i offentlege innkjøp, gjennomføre innkjøpsprosessar, kontraktsforhandling og følge opp kontraktar. 

I denne stillinga blir du ein del av eit fagleg team som arbeider med større prosjekt. Du blir også ein del av eit hyggjeleg arbeidsmiljø som jobbar for å finne dei beste løysingane saman.

Dersom du delar ambisjonane våre og ser at dette er ei stilling som passar godt til kompetansen din så vil vi gjerne høyre frå deg.

Om du har spørsmål til stillinga, ta kontakt med prosjektkoordinator Merete Nerland tlf. 97 99 04 40 eller kommunalsjef Astrid Fossheim Paulsen tlf. 48 11 68 06.

Stillinga er plassert i kommunalområde for Kultur og samfunn og har kontorstad på Nordfjordeid. Om ønskjeleg kan ein delvis få kontorstad i Selje.

ArbeidsoppgåverHa eit overordna ansvar for å planlegge og gjennomføre anskaffingar/innkjøp for organisasjonen i tråd med lov om offentlege anskaffingarAnsvar for å utarbeide og følge opp Stad kommune sin innkjøpsstrategiSaman med økonomi utarbeide system for internkontroll i høve anskaffingarUtarbeide og sikre gode rutinar, standardar og beste praksis innan innkjøpForvalte kommunen sine rammeavtalarFølgje opp leverandørar og kontrakter og delta i forhandlingar Rettleie, støtte og bistå prosjektleiarar og andre fagmiljø i innkjøpsprosessar Bidra i interkommunalt samarbeid om offentlege anskaffingar og vere kontaktperson mot nabokommunar når det gjeld felles innkjøpsavtalar
KvalifikasjonarHøgare relevant utdanning på bachelor- eller masternivå Kunnskap om og erfaringar med lov om offentlege anskaffingar Det er ønskjeleg med erfaring frå ulike entrepriseformerErfaring med drift og prosjektleiing frå bygg og anleggsbransjen vert vurdert som relevant for stillinga.Kunnskap om avtaleforvaltning, ønskeleg med kjennskap til utbyggingsavtalerKjennskap til offentleg forvaltning genereltGode datakunnskapar, lett kunne ta i bruk nye dataverktøyGode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaparSom fagleiar for innkjøp må du vere pådrivar i prosessar.Du må vere målretta, analytisk og arbeide strukturert. Du må vere glad i å samarbeide med andre, finne løysingar og sjå dei bli gjennomført i praksisDu må kunne formidle fagfeltet på ein god måte i rettleiing av andreArbeide sjølvstendig og  systematisk, men samtidig vere fleksibel.Kunne presentere komplekse problemstillingar på ein enkel og forståeleg måteVi tilbyrEin spennande og samfunnsnyttig jobb med stor påverknadFleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningarMoglegheit for fagleg utvikling og kompetansehevingEi viktig og utviklande rolle i kommunenVarierte arbeidsoppgåver og stort handlingsromLøn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningarBusette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Vi ber om at arbeidsattestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

KontaktinformasjonAstrid Fossheim Paulsen, kommunalsjef kultur og samfunn, +47 48116806, astrid.paulsen@stad.kommune.no

Merete Nerland, Prosjektkoordinator, 97990440, merete.nerland@stad.kommune.no

ArbeidsstadRådhusvegen 11

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5132358986

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
7
jobs in Nordfjordeid
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Nordfjordeid?
Currently 7 roles in Nordfjordeid on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.