Miljøkoordinator
Frå 01.08.2026 og til 31.07.2027 har vi ledig 100 % vikariat som Miljøkoordinator.
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har om lag 420 elevar skuleåret 26/27 og om lag 70 tilsette. Om lag 270 elevar er fordelt på utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett, musikk, dans og drama. Rundt 50% av elevane bur på hybel. Dei siste åra har skulen hatt ei sentral rolle i å utvikle gode opplæringstilbod for vaksne både gjennom Gloppenmodellen og i samarbeid med Nettskulen i Vestland fylkeskommune. Skuleåret 26/27 har vi om lag 150 elevar innanfor vaksenopplæringa.
Miljøkoordinatoren er knytt til elevtenestene og Open skule ved Firda vidaregåande skule, og går inn i miljøteamet saman med andre miljørettleiarar, rådgjevarar og lærarar. Næraste overordna er avdelingsleiar for elevtenester.
Open skule er eit tilbod til elevane etter skuletida. Her kan elevane kome for å vere saman, og aktivitetane blir til i eit samspel mellom vaksne og elevar. Tilbodet omfattar mellom anna bordtennis, biljard, PlayStation og brettspel, og idrettshallen vert nytta til aktivitetar som klatring og volleyball. Det vert òg servert mat: middag eller kveldsmat med variasjon på menyen.
ArbeidsoppgåverVi søkjer ein person som kan vere ein del av miljøteamet i skuletida og samstundes drifte tilbodet med Open skule på ettermiddag/ kveld. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
støtte læringsarbeidet i vår utvida læringsarena på dagtidindividuell elevoppfølging og støttande samtalar med elevarsamarbeid med avdelingsleiar, rådgjevarar, kontaktlærarar og andre samarbeidspartnararlage til trivselstiltak i skuletida, for klasse- og/eller skulemiljøettilrettelegge for aktivitetar på Open skule på ettermiddag/ kveldlage middag eller kveldsmat på Open skuleDen som vert tilsett, skal fungere som eit bindeledd mellom skuledagen og ettermiddagstida for elevane. Stillinga krev at ein er budd på arbeidstid både dag og kveld etter avtale.
KvalifikasjonarVi søkjer personar med relevant høgare utdanning og/eller erfaring frå arbeid med ungdom.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde i tilsetjingsprosessen.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som kommuniserer godt med elevar med særskilde behov og læringsutfordringar, og som kan samarbeide i team med føresette og kollegaer. Sterke relasjons- og samarbeidsevner vil bli vektlagde.
Vi ønskjer at du:
har eit sterkt engasjement der elevane er i sentrumer ein trygg, tydeleg og varm vaksener oppteken av det som er best for elevenhar kompetanse i å byggje gode relasjonar til elevar og kollegaerer positiv, fleksibel og nysgjerrig, og finn motivasjon i eiga læring og utviklinger sjølvstendig og tek initiativ til aktivitetar og utvikling ved skulenreflekterer over eigen praksis og dei vala du tek, og kan drøfte dei med andrebidreg til å skape eit godt skule- og arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Pensjons- og forsikringsordningar
- Godt fag- og arbeidsmiljø
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Gje opp minst to referansar.
Ta med attestar til eit eventuelt intervju. Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.
Søknadsfrist 18.06.2026. Oppstart: 1.august 2026.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Oddvar Aalde tlf 481 06 825 eller rektor Tove Hanne Ommedal tlf 930 93 933
KontaktinformasjonOddvar Aalde, +47 48106825
ArbeidsstadFirdavegen 21
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5140405420
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 18.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗