ARBEIDSLEIAR
På arbeidssenteret på Sandane har vi ledig 100% fast stilling som arbeidsleiar.
Arbeidstakarane våre på arbeidssenteret er personar som i ulik grad treng tilrettelegging og oppfølging i arbeid og aktivitet. Målsetjinga er at alle skal få delta i eit godt og trygt arbeidsfellesskap.
Hva vi ser etter
Vi søker etter ein arbeidsleiar som:
Har minst 3 -årig helse,- og sosialfagleg utdanning, men andre med erfaring frå liknande arbeid er velkomne til å søke
Har god menneskekunnskap med auge for ressursar og utviklingspotensial
Har evne til å vere motiverande og sjå ulike løysingar til beste for arbeidstakarane
Har gode samarbeidsevner
Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Er oppteken av god kommunikasjon og relasjonsbygging
Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
For oss er det viktig å ha rett person på rett plass. Personlege eigenskapar vert difor tillagde stor vekt. Har du lyst til å prøve noko nytt og utfordrande, så er kanskje du den vi leitar etter.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver:
Motivere og legge til rette for arbeid og aktivitet for den enkelte arbeidstakar og for fellesskapet
Ta ansvar i kvardagen, sjå kva som trengst og handle sjølvstendig for å sikre god flyt i drifta.
Bidra til utvikling av avdelinga.
Tett samarbeid med kommune og andre relevante samarbeidspartar.
Vi tilbyr
På arbeidssenteret vårt får du:
eit godt og triveleg arbeidsmiljø
Vere ein del av eit større fagmiljø i Movia
høve til å bruke eigne erfaringar, kunnskap og interesser
løn etter avtale
God pensjonsordning
This listing is from nav. View original listing ↗