Miljøarbeidar - SFO
Er du engasjert i barna sin oppvekst og vil vere med å sørge for eit variert og godt innhald i skulefritidsordninga?
Svortland skule har ledig 32% fast stilling som miljøarbeidar. Behovet er i hovudsak på SFO etter skuletid kvar dag frå kl 13 -16. Me ser etter deg som trivst i arbeid med barn og unge, som har lyst til å bidra til å utvikle eit trygt og inkluderande miljø i skulefritidsordninga.
Svortland skule er Bømlo sin største barneskule med 323 elevar og 54 tilsette. Skulen har elevar frå mange ulike land kor ca. 30% av elevane har minoritetsspråkleg bakgrunn og me har innføringstilbod for nyankomne minoritetsspråklege elevar. Det er omlag 105 elevar som skal ha SFO tilbod skuleåret 2026/2027.
Skulen ligg sentralt på Svortland, med gode nærområde for aktivitet og læring. Like ved finn du Svortlandsmarka, Sentralidrettsanlegget, barnehagar, ungdomsskule og vidaregåande skule.
Oppstart 01.08.26 eller etter avtale.
ArbeidsoppgåverVera aktivitetsleiar for elevgrupper i SFOPlanlegge og gjennomføre varierte aktivitetar for elevar, både inne og ute. Bidra til å utvikle eit godt og meiningsfullt innhald i SFO i tråd med rammeplanen for SFO.Følgje opp elevar med særskilde behov og bidra til eit inkluderande og heilskapleg læringsmiljø. Samarbeide tett med kollegaer om oppfølging av einskildelevar og elevgrupper. Delta i samarbeid med føresette og relevante hjelpeinstansar ved behov. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
KvalifikasjonarFagbrev som barne -og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå.Søkjarar som ikkje oppfyller kravet til fagbrev, kan bli vurderte for tilsetjing etter ei konkret og heilskapleg vurdering. Relevant arbeidserfaring og praksis vil bli tillagd vekt ved vurdering av kvalifikasjonar og lønsfastsetjing.Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.Det er ein fordel med erfaring i bruk av IKT som arbeidsverktøy.Personlege eigenskaparMe ser etter deg som:
Er ein trygg og omsorgsfull vaksen som møter elevar med varme, tydlegheit og respekt.Er ein god relasjonsbyggar med evne til å skape tillit og gode relasjonar til barn og unge.Kan arbeide sjølvstendig, ta ansvar og leie aktivitetar i elevgrupper.Har gode samarbeids -og kommunikasjonsevner i møte med elevar, føresette og kollegaer. Er fleksibel og løysingsorientert, og kan handtere varierte og til tider krevjande situasjonar. Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyrVarierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder. Andre opplysingar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor ved Svortland skule, Kari Østensen.
KontaktinformasjonKari Østensen, Rektor Svortland skule, 993 86 606
ArbeidsstadIdrettsvegen 100
5430 BREMNES
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5139223622
Stillingsprosent: 32%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 15.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗