Er du sjukepleiar eller vernepleiar med ønskje om langvakter?
Bømlo bu- og helsesenter - Post 1 Nord har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar.
Me søkjer deg som er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til god sjukepleie og behandling for våre pasientar og bebuarar.
Stillinga kan organiserast med langvaktsturnus og arbeid kvar fjerde helg. Ordninga kan innebere inntil tre langvakter på rad, etterfølgd av ei veke med langfri eller arbeid i ordinær turnus, etter eige ønskje. Søkjar kan oppgi ønskja stillingsstorleik innanfor 80–100%.
Det er ønskjeleg med snarleg oppstart.
Om avdelinga
Post 1 har 34 pasientrom fordelt over tre etasjar der kvar etasje er organisert som ei eiga gruppe. Målet vårt er å skape tryggleik og trivnad i eit positivt og inkluderande miljø – både for bebuarar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver i kvardagen.
ArbeidsoppgåverUtføre heilskapleg pleie, omsorg og medisinsk lindrande behandling. Gjennomføre sjukepleiefaglege prosedyrar i tråd med gjeldande rutinar og fagleg standard.Delta i sjukepleiervakter og bidra til kontinuitet og kvalitet i tenestetilbodet.Vere primærkontakt for utvalde pasientar, med ansvar for oppfølging og koordinering av tenester.Dokumentere helsehjelp og observasjonar i elektronisk journalsystem.Tverrfaglege samarbeid med lege, fagpersonar og pårørande.Følgje opp pasientar og pårørande med fokus på tryggleik, informasjon og støtte.Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. Me oppmodar studentar på 3. år innan sjukepleie og vernepleie til å søkje.
Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Personlege eigenskaparJobbar sjølvstendig og samarbeidar godt med andre.
God til å vurdere, prioritere og iverksette.Gode kommunikasjonsevner og ei løysingsorientert tilnærming.Påliteleg og tilpassingsdyktig.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt di motivasjon for stillinga.
Me tilbyrEin spanande arbeidsplass med varierte oppgåver og faglege utfordringar i ein flott kommune.Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.Mogleg medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysingar
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdleiar Monica Smedsrud.
KontaktinformasjonMonica Smedsrud, Verksemdleiar, +47 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no
ArbeidsstadLeirdalen 25
5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5131256209
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗