LEDIG STILLING – 100 % VIKARIAT SOM KONTAKTPERSON
LEDIG STILLING – 100 % VIKARIAT SOM KONTAKTPERSON
Ønskjer du å bidra til ein tryggare og betre kvardag for barn og familiar?
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer ein engasjert kontaktperson som vil vere med og skape positive endringar i barn sine oppvekstvilkår.
Vi er ei innovativ og framtidsretta teneste med høg fagleg kompetanse, der samarbeid, openheit og løysingsorientert arbeid står sentralt. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med fokus på fleksibilitet, samhald og fagleg utvikling.
Vi har ledig 100 % vikariat som kontaktperson frå dags dato til 31.08.2027.
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er ei interkommunal teneste som omfattar kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Kviteseid er vertskommune, og hovudkontoret ligg i gode og tilrettelagde lokale der. I tillegg har vi kontorplassar i dei andre kommunane.
ArbeidsoppgåverSaksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova
Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova Samarbeid med andre instansar for å sikre heilskaplege og gode tenester
Aktiv deltaking i faglege drøftingar og kompetanseutvikling KvalifikasjonarUtdanning som barnevernspedagog eller sosionom, gjerne med relevant vidareutdanning. Anna relevant utdanning kan vurderastGod barnevernfagleg kompetanse og erfaring er ein fordelGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegEvne til å nytte digitale verktøy på ein effektiv måteFørarkort klasse B Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
Er trygg, raus og robustHar evne til å motivere og inspirereEr ein god lagspelar med gode samarbeidsevnerArbeider systematisk og målrettaEvnar å strukturere eigen arbeidskvardag og sikre framdriftLikar å samarbeide med andre kommunale tenester og dele kunnskapKan handtere krevjande og pressa situasjonarEr fleksibel og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.Vi tilbyrEin spanande og meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjellHøgt fagleg nivå med fokus på utvikling og kompetansebyggingGod opplæring og rettleiingEit godt arbeidsmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaerRegelmessig oppfølging frå teamleiarSak- og prosessrettleiing i gruppe med psykologLøn og vilkårLøns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.KontaktinformasjonGunn Annie Hellestad, Leiar Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, +47 90 76 69 07
ArbeidsstadGranlivegen 1A
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5135746930
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 12.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗