Helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar
Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar. Lundenjordet består av 13 faste bustader og 1 avlastningsbustad for born i alderen 3-18 år. No har me ledig ei nattevaktstilling i avlastninga for born kvar 4. helg.
Me søkjer derfor etter ein helsefagarbeidar eller barne-og ungdomsarbidar til 14,08 % fast helgestilling på natt i avlastningsbustaden. Stillinga er foreløpig med arbeid kvar 4. helg som våken nattevakt. Oppstart i stillinga vil være 24. august 2026. Stillinga let seg kombinere med andre stillingar i kommunen.
ArbeidsoppgåverPraktisk bistand, pleie, stell og tilsyn av bornet gjennom heile nattaSkape ei trygg og god natt for bornetDokumentere i fagsystemKvalifikasjonarFagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar/norsk autorisasjon som hjelpepleiarYnskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemmingYnskje om erfaring frå arbeid med born med utviklingshemmingFørarkort kl. BGod norsk munnleg og skriftleg framstillingsevnePersonlege eigenskaparVi ser etter deg som:
Har gode kommunikasjons og samarbeidsevnerHar evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterollaEr fleksibel, strukturert og løysingsorientertVil halde deg fagleg oppdatertPersonlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen legg vekt på psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Vi tilbyrGodt og inkluderande arbeidsmiljøSpanande og omfattande faglege utfordringarLøn etter gjeldande avtaleVed tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
KontaktinformasjonUnni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, +47 90251683, unni.oygarden@kviteseid.kommune.no
ArbeidsstadLundenvegen 18
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5118882144
Stillingsprosent: 14,08%
Fast
Startdato: 24.08.2026
Søknadsfrist: 12.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗