Lærar - vikariat
Høyanger skule har ledig 60 % stilling som lærar frå snarast og t.o.m 31.07.27 .
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen, med idrettsfag/kroppsøving i fagkrinsen
- Ønskje og vilje til å tileigne seg ny kunnskap og ferdigheiter
- God relasjonskompetanse
- Positivitet
- Fagleg engasjement
- Fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt
- Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp til å skaffe kommunal bustad
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.
Kvifor Høyanger?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
- Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from NAV. View original listing ↗