via NAV · 9 September 2026 ·10 days ago

Brenner du for å gjere ein forskjell for menneske som få andre ser?

Høyanger kommune Psykisk helseteam
Høyanger
This listing is from NAV
View original listing ↗

Vaffelhjarte er eit kunnskapsbasert, recoveryorientert dagaktivitetstilbod for brukarar i rus- og psykiatritenesta i Høyanger kommune. Vi driv det lokale industrimuseet, har lett kafédrift, kreative aktivitetar og skaper meining i kvardagen for brukarar av tenesta – og vi har lyst til å gjere meir.

På Vaffelhjarte blir du ein del av psykisk helseteam. Du kjem til å planleggje aktivitetar på eiga hand, stå i situasjonar åleine og ta faglege avgjerder utan at nokon ser deg over skuldra. Du må like det – og du må kjenne godt nok etter til å vite når du skal be om hjelp.

Du er likevel ein del av eit team der vi hjelper kvarandre, tek tak i ting med ein gong og ikkje let nokon stå åleine i ei tung sak. Du får rettleiing og kollegaer som veit kva du står i.

Vi søkjer etter ein ny kollega i ei fireårig prosjektstilling som vil vere med på å utvikle tilbodet vidare. Arbeidstida er hovudsakleg på dagtid, men den som blir tilsett, må rekne med arbeid på ettermiddag, kveld og helg etter avtale og i samband med aktivitetsbaserte tilbod.

Om stillingaDette er ikkje ei stilling der du tek over ei ferdig oppskrift. Vi har eit tilbod som fungerer godt, og vi har ambisjonar om å utvide dette – fleire aktivitetar, fleire opne dagar og fleire menneske som får bruke Vaffelhjarte. Nøyaktig kva det skal bli, er ikkje bestemt.

Vi ser etter nokon som har lyst til å vere med og bestemme det. Som ser kva som manglar, kjem med nye forslag og klarer å ta det heile vegen frå idé til noko som faktisk står i kalenderen neste veke.

Har du ein aktivitet du har hatt lyst til å prøve ut lenge, er dette ein stad der du får sjansen.

ArbeidsoppgåverTa initiativ til, utvikle og gjennomføre nye aktivitetar og verkstaderDagleg drift av kaféen – matlaging, service, sal og rutinarMiljøterapeutisk arbeid i eit ope og uformelt miljøTilretteleggje arbeidsoppgåver for deltakarar i arbeidstrening og følgje opp utviklingaNaturbaserte aktivitetar, turar og fysisk aktivitet, inkludert å køyre deltakarar på turSamarbeid med kommunale samarbeidspartnarar, NAV, fastlege, spesialisthelsetenesta og pårørandeVi ser etter deg som: Tek initiativ – ser kva som manglar og set det i gangEr trygg og roleg og møter folk med venlegheit og respektSeier ifrå om det som er vanskeleg, framfor å la det liggje og groEr løysingsorientert og fleksibel i høve drifta og når dagen ikkje blir som planlagtHeld deg til rutinar når det gjeld, særleg i situasjonar der det er freistande å handle på magekjenslaDu interesserer deg for friluftsliv, trening eller friluftsterapi Kvalifikasjonskrav:Treårig relevant helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning – fortrinnsvis sjukepleiar, vernepleiar, sosionom eller tilsvarandeDet er ein føremon med vidareutdanning eller spesialisering innan psykisk helse- og rusarbeidDet er ein føremon med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid, rus og psykiatri, arbeidsinkludering eller arbeidstreningFørarkort klasse B (fortrinnsvis manuelt gir), og det er ønskjeleg med D1Gode norsk- og engelskkunnskaparDen som blir tilsett, må levere godkjend politiattest før oppstartKvifor søkje hos oss?Interessante, viktige og varierte oppgåver med høve til å påverke eigen arbeidsdagFast rettleiing og moglegheit for fagutviklingGodt og støttande arbeidsmiljø med kollegaer som kan fagetGode pensjons- og forsikringsordningarLønn etter tariff. Nyutdanna sjukepleiar/vernepleiar startar på 8 års ansiennitet. Lokalt tillegg på kr 15 000 ved 16 års ansiennitetHøyanger som bu- og arbeidsområdeHøyanger kommune har store moglegheiter innan det grøne skiftet og sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og infrastruktur med toppmoderne industrianlegg.

Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.

Vi har som mål å styrkje attraktiviteten til kommunen og sikre at det er godt å bu, besøkje og drive næring i heile kommunen.

Her kjem du inn i bildet!

Kvifor Høyanger?Stor aktivitet innan næringslivet, med fokus på det grøne skiftet og sirkulærøkonomiEit rikt lag- og organisasjonslivFokus på samskaping og samarbeidToppmoderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg og mykje meirLurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune?

https://hoyanger.friskus.com/events

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
4
jobs in Høyanger
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Høyanger?
Currently 4 roles in Høyanger on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.