Helsefagarbeidar 60 % vikariat
Er du helsefagarbeidar eller sjukepleiar? Vi har no ledig:
60 % vikariat som helsefagarbeidarVi søkjer etter ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som ønskjer å bidra til gode og trygge helsetenester for våre innbyggjarar.
Vi legg stor vekt på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i tenestene. Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø med gode kollegaer, der samarbeid med pasientar og pårørande står sentralt. Vi ser etter deg som er strukturert, løysingsorientert og motivert for å halde deg fagleg oppdatert, og som ønskjer å bidra til utvikling av tenesta.
Heimetenestene held til i nye, moderne lokale saman med legetenestene og psykisk helse og rus, noko som legg til rette for tett samarbeid og fagleg utvikling.
Kom å bli med i gjengen vår!
ArbeidsoppgåverUtøve direkte helsehjelp til brukarar med vedtak om heimetenesterLegemiddelhandteringObservere, dokumentere, og registrere etter gjeldande lovverkHandtere og følge opp digitalt tilsyn for brukarar med særskilt behov.Samarbeide tett med brukarar og pårørendeOppfølging av grunnleggande og avanserte sjukepleiefaglege prosedyrer, f.eks.: sårstell, medisinsk utstyr, stell av kateter og stomi, førstegangsvurderingar og heimebesøk hos nye brukarar, dialyse, infusjonsbehandling, PEG og sondemat m.m.Delta aktivt i fagutvikling og bidra til kunnskapsspredning i teamet.KvalifikasjonarAutorisasjon som helsefagarbeidar. Ufaglærte som ønsker å ta fagbrev som helsefagabeidar kan også søkje.Beherske dei vanlegaste IKT-verktøyaDet stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).Evne til å halde seg fagleg oppdatertVed tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringerFørarkort klasse B. Ved heilt spesielle høve må ein kunne nytte eigen bil i tenesta. Personlege eigenskaparGod munnleg og skriftleg framstillingsevneVere strukturert og løysingsorientertEr fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andreVise fagleg engasjementMotivert, serviceinnstilt og fleksibelHar evne til å ta ansvar, samt nytenking og utviklingHar godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljøPersonlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsettingVi tilbyrUtfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
KontaktinformasjonKanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no
Anne Britt Kurseth, avdelingsleiar, 48123591, anne.kurseth@sykkylven.kommune.no
ArbeidsstadHaugneset 16
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5139745851
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Søknadsfrist: 21.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗