Brannsjef 100 % fast stilling
Sykkylven kommune søker ein handlekraftig og fagleg trygg brannsjef i 100 % fast stilling. Dette er ei spennande leiarstilling for deg som vil kombinere operativ forståing, førebyggande arbeid og strategisk utvikling av eit lokalt brann- og redningsvesen med viktige samfunnsoppgåver.
Hos oss får du ei nøkkelrolle i eit brannvesen i utvikling – med kort veg frå idé til handling, tett samarbeid med dyktige deltidsmannskap og stor påverknad på korleis brann- og redningstenesta skal utviklast vidare.
Stillinga er planlagt fordelt slik:
38 % brannsjef / leiar av brann- og redningsvesenet
38 % leiar for førebyggande arbeid
24 % førebyggande arbeid
Brannsjefen vil ha eit overordna ansvar for leiing, utvikling og systematisk styring av brann- og redningsvesenet i kommunen. Samtidig vil stillinga ha ei praktisk og fagleg rolle innan førebyggande arbeid, tilsyn, planlegging og oppfølging. Dette er ei stilling for deg som trivst både med leiing, struktur, fag og folk.
ArbeidsoppgåverSom brannsjef får du ansvar for å:
leie og vidareutvikle Sykkylven brann og redningsikre at brann- og redningsvesenet er organisert, bemanna, utrusta og øvd i samsvar med gjeldande kravha ansvar for systematisk styring, internkontroll, planverk og rapporteringfølgje opp ROS-analyse, førebyggandeanalyse, beredskapsanalyse og anna nødvendig dokumentasjonvere leiar for det førebyggande arbeidet i kommunenplanleggje, gjennomføre og følgje opp førebyggande tiltak, tilsyn og informasjonsarbeidbidra til god samhandling med 110-sentral, politi, helse, nabobrannvesen, DSB, Statsforvaltaren og andre relevante aktørarfølgje opp øving, kompetanseutvikling og læring etter hendingarbidra inn i kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskapdelta i kommunen si kriseleiingførebu saker, vurderingar og rapportering til administrativ og politisk leiing ved behovkan inngå i overordna vaktberedskapKvalifikasjonarVi søker ein kandidat som oppfyller kvalifikasjonskrava til leiar av brann- og redningsvesen.
Det er krav om:
Yrkesutdanning i førebyggande brannvern og kurs i overordna vaktberedskap og innsatsleiing, og anten ha
universitets- eller høgskuleutdanning på bachelornivå
kvalifikasjonar som leiar av førebyggende arbeid og minst to års erfaring som leiar, eller
kvalifikasjonar som leiar av beredskaps arbeid og minst to års erfaring som leiarVi ønskjer at du har:
relevant leiarerfaringgod kjennskap til brann- og redningsfagleg arbeiderfaring frå førebyggande arbeid, beredskap, øving eller tilsynevne til å arbeide systematisk med lovverk, dokumentasjon og planverkgod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskgod digital kompetanseførarkort klasse BSøkjarar som ikkje har alle formelle kurs på plass, men som elles har relevant bakgrunn og er villige til å gjennomføre nødvendig utdanning, vert også oppmoda om å søkje.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
er trygg, tydeleg og samlande som leiarlikar å skape struktur og framdrifthar god rolleforståing og høg integritetevnar å kombinere praktisk brannfagleg forståing med strategisk utviklingsarbeider god til å samarbeide med både mannskap, administrasjon, politisk nivå og eksterne aktørartrivst i ein liten organisasjon der ein må vere både leiar, fagperson og pådrivarhar engasjement for førebyggande arbeid og samfunnstryggleikPersonlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyrei sentral og meiningsfull leiarstilling i Sykkylven kommunehøve til å påverke utviklinga av brann- og redningsvesenet i kommunenvarierte oppgåver innan leiing, beredskap og førebyggande arbeidtett samarbeid med engasjerte og kompetente medarbeidararein organisasjon med korte linjer og stor moglegheit til å få ting gjortløn etter avtalegode pensjons- og forsikringsordningarfleksibel arbeidssituasjon innanfor stillinga sine rammer
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
KontaktinformasjonOdd Jostein Drotninghaug, kommunalsjef samfunn, 93255516, odd.jostein.drotninghaug@sykkylven.kommune.no
Kristian Trandal, Teknisk sjef, +47 47719661, kristian.trandal@sykkylven.kommune.no
ArbeidsstadHaugsetvegen 41
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5138084500
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 21.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗