Fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som vi aktivt brukar gjennom heile året. Barnehagen har 83 barn og 24 tilsette, fordelt på fem basar. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, lang erfaring og stort engasjement. Vår visjon er: «Vi gjer kvarandre gode».
Vi søker deg som er ein trygg og tydeleg vaksen, og som møter barn med omsorg, leik og engasjement. Du trivst med å vere aktiv saman med barna og tek del i kvardagen med initiativ og glede. Samstundes bidreg du til eit godt samarbeid i personalgruppa og til eit positivt arbeidsmiljø. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Hos oss får du høve til å vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med fokus på gode og heilskaplege tenester. Vi arbeider fleksibelt og på tvers for å sikre kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode. Vi håpar å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverGi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barnMedansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppaBidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppeBidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga / basen, innanfor det gjeldane loveverket og rammene ein har blitt einige omDelta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeidOmsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidetGjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetarBidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande og vise forståing og respektKvalifikasjonarØnskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og erfaring frå barnehage, men dette er ikkje eit krav
Levere godkjent politiattest av nyare dato
Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §27Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjerPersonlege eigenskaparVi søker deg som har evne til å:
Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endringJobbe sjølvstendig Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidetHalde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass og elles vere fagleg oppdatertJakte på nye idear og vise vilje til nyskapingVere bidragsytar på personalmøte og planleggingsdagar og i oppfølging av kursReflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behovSyne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokusSette seg personlege mål og vere synleg i gruppaVere ein aktiv, leiken, engasjert og trygg vaksen.Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnararHalde tidsfristar, møte presis på jobb og vere klar når vakta startarVere ein god rollemodell vere ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju
Vi tilbyrEit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnaderLøn etter gjeldande tariffGod pensjonsordningKontaktinformasjonGro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no
ArbeidsstadTrolldalssletta 18
6264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5135825713
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 21.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗