via NAV · 7 September 2026 ·12 days ago

Sjukepleiar, vikariat

Eidet omsorgssenter avd 1, Haram kommune
Tennfjord
This listing is from NAV
View original listing ↗

Vil du vere med og utvikle omsorgstenestene for framtida?
Ønskjer du ein arbeidsplass der samarbeid, fagleg deling og det å løfte kvarandre står sterkt – og der tryggleik, verdigheit og livskvalitet for pasientane alltid kjem først? Då kan Eidet omsorgssenter vere rett stad for deg.

Eidet omsorgssenter ligg om lag 20 minutt frå Spjelkavik/Moa-området, og er eit moderne omsorgssenter som stod ferdig i 2017. Senteret består av to avdelingar med totalt 37 plassar, og gir heildøgns omsorg til personar som har behov for avlasting, eller som har demens eller somatisk sjukdom.
Vi har felles leiing med heimetenesta i Haram indre, og arbeider målretta saman for å sikre stabil drift, høg fagkompetanse og tenester av best mogleg kvalitet. Eidet omsorgssenter har eige kjøkken, konsulent i resepsjonen og vaktmeister, noko som gir god støtte i det daglege arbeidet. I tillegg har vi kafé/kantine i vekedagane.
Turnusordningane våre omfattar dag- og kveldsvakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter på helg med arbeid kvar fjerde helg. Sjukepleiarane hos oss har faste stabsvakter, med vakter fordelt i avdeling.

No søkjer vi ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar til avdeling 1, som har 15 pasientar. Hos oss blir du ein viktig del av eit arbeidsmiljø som byggjer lag – kvar einaste dag – og der sjukepleiarkompetansen blir verdsett og brukt aktivt i pasientarbeidet.
Søkjarar som er i ferd med å fullføre sjukepleiarutdanninga si, er også velkomne til å søkje.

Eidet omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

ArbeidsoppgåverSikre at pasientar får helsehjelp og tenester av høg kvalitet i tråd med gjeldande lover og retningslinerObservasjon, kartlegging, tiltak og dokumentasjon i HelseplattformenLegemiddelhandteringLaboratoriearbeidRettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentarBidra til meistring, tryggleik og auka livskvalitet i kvardagenSamarbeid med pårørande og interne/eksterne samarbeidspartnararKvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiarRelevant erfaring er ein fordel, men vi ønskjer også nyutdanna sjukepleiarar velkomne som søkjararGod munnleg og skriftleg norsk (minimum B2)Grunnleggjande IKT-kompetanse
Politattest, MRSA- og TBC‑eigenerklæring vert krevd ved tilsetjing, i tillegg treng du gyldig norsk personnummer/D-nummer.

Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er:

Trygg, tydeleg og engasjert – med pasienten i fokusLøysingsorientert, fleksibel og positiv til nye utfordringarSjølvstendig, men også ein god lagspelarEin som bidreg til fellesskap, stabilitet og eit godt arbeidsmiljøNytenkjande og endringsvilligPersonlege eigenskapar vil bli vektlagdVi tilbyrEit fagleg sterkt, trygt og inkluderande arbeidsmiljøMoglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidskvardagGode rutinar, tett samarbeid og kollegaer som gjer kvarandre godeMøtetid i turnus, med internundervisning etter planSjukepleiar i stabVarierte og meiningsfulle arbeidsoppgåverLøn, pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffBedriftshelsetenesteGratis parkering og gode kollektivforbindelsar
KontaktinformasjonMalin Vatnehagen Stokke, Avdelingsleiar, avdeling 2, 45500844, malin.vatnehagen.stokke@haram.kommune.no

Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no

ArbeidsstadTrolldalssletta 12

6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5172044122

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 21.09.2026

The market for this type of role

Similar openings
4
jobs in Tennfjord
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Tennfjord?
Currently 4 roles in Tennfjord on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.