via NAV · 11 September 2026 ·8 days ago

Er du problemløysar og likar å fikse alt mogleg? Då er dette stillinga for deg!

Askvoll kommune Driftssentralen
Askvoll Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Vi har ledig 100% fast stilling som driftsoperatør er ved driftssentralen i Askvoll kommune frå 01.12.2026, eller etter avtale. 

 

Hovudoppgåver:
Arbeidet vil i hovudsak vere tilknytt drift og vedlikehald av kommunale byggverk, anlegg og eigedomar. 

Stillinga kan verte ein del av teknisk vakt. 

 

Kvalifikasjonar:

Det er naudsynt å kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk.Må kunne dokumentere skriftleg i våre datasystem.Det er krav om førarkort klasse B.
Utdanningsretning:
Fagbrev innanfor tømrarfaget, mekaniske fag eller røyrleggjarfaget, eventuelt anna relevant fagbrev som elektrikar, byggdriftar, veg og anlegg, mekanikar eller andre fag som kan relaterast til arbeidet. Lang erfaring innanfor nemnde område kan ved vurdering kompensere for manglande utdanning.

Godkjend politiattest må leggast fram ved tiltreding.

Personlege eigenskapar:
Vi legg stor vekt på gode samarbeidsevner, serviceinnstilling, sjølvstendigheit, allsidigheit, gjennomføringsevne og fleksibilitet.

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffOffentleg pensjonsordning KLPGode forsikringsordningar 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
4,217
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Askvoll?
Currently 4,217 roles in Askvoll on AlmostHired, across 1,405 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.