via nav · 27 May 2026 ·11 days ago

Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?

Bjørnafjorden kommune Fagsenteret
Os Full-time
26 jobs in Os — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vi har ledig fast 100% stilling som spesialpedagog i Pedagogisk fagsenter frå 01.08.26.

Vil du vere med å gje barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst? Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår kollega i Bjørnafjorden kommune. Pedagogisk fagsenter er ein del av barnehageområdet i Bjørnafjorden kommune. I Pedagogisk fagsenter jobbar vi direkte med barn som har lovfesta rett til spesialpedagogisk hjelp. Arbeidet foregår ute i barnehagane i tett samarbeid med dei tilsette.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve vedtaksfesta spesialpedagogisk hjelp i barnehage (§31 i barnehageloven).

  • Rettleiing og samarbeid inn mot barnehage og føresett.

  • Bidra med kompetanseheving.

  • Utarbeide planar og årsrapportar i samarbeid med barnehagane.
Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. 

  • Vidareutdanning i spesialpedagogikk eller anna relevant vidareutdanning.

  • Ønskeleg med rettleiingskompetanse.

  • Ønskeleg med erfaring frå barnehage og arbeid med spesialpedagogikk.

  • Fordel med erfaring frå arbeid med språk, alternativ supplerande kommunikasjon og samansette lærevanskar.

  • Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar. Det administrative skriftspråket i kommunen er nynorsk.
  •  

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar

  • Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og i team.

  • God relasjonell kompetanse.

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

  • Evne til å vere fleksibel, strukturert og løysingsfokusert.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

 Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Eit godt arbeidsmiljø med positive kollegaer med stor arbeidsglede og godt humør

  • Faglege og personlege utfordringar  

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter avtale
  •  

Du må kunne disponere eigen bil.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillinga dersom du vurderer å søke.
Janne Gjøen Opsal, avdelingsleiar Pedagogisk Fagsenter
E-post: jangje@bjornafjorden.kommune.no Tlf: 91125040
Irene Kvåle Foer, barnehagesjef kommunale barnehagar
E-post: IRFO@bjornafjorden.kommune.no  Tlf: 91757972


Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
26
jobs in Os
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
3%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Os?
Currently 26 roles in Os on AlmostHired, across 8 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
3% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.