via nav · 22 May 2026 ·16 days ago

Vil du vere ein viktig vaksen i ungdommar sin kvardag?

Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
Os
26 jobs in Os — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du vere ein viktig vaksen i ungdommar sin kvardag – og bidra til meistring, trivsel og inkludering?

Os ungdomsskule har ledig:

  • Inntil 2 x 78 % engasjement som barne- og ungdomsarbeidar

  • Inntil 1 x 78% engasjement som miljøterapeut
Stillingane gjeld for skuleåret 2026/2027.

Vi ser etter deg som brenn for å arbeide med ungdom, og som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø – der alle elevar får oppleve meistring og tilhøyrsle.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø som jobbar målretta med skuleutvikling, relasjonsbygging og livsmeistring for elevane våre.

Arbeidsstad
Os ungdomsskule ligg sentralt i Os sentrum og har om lag 70 tilsette og 485 elevar, fordelte på 5–6 klassar per trinn. Skulen arbeider etter verdiane meistring, tryggleik og anerkjenning, og har eit sterkt fokus på gode relasjonar og eit inkluderande læringsmiljø.

Arbeidsoppgåver
Stillingane er i hovudsak knytte til oppfølging av elevar med særskilte behov, der ein arbeider tett på einskildelevar gjennom skuledagen. Arbeidet krev tryggleik, relasjonskompetanse og evne til å skapa struktur, føreseielegheit og meistring i kvardagen.

Arbeidsoppgåvene kan mellom anna vere:

Gi tett individuell oppfølging av elevar med særskilte behovLeggje til rette for trivsel, utvikling, læring og sosial deltakingFølgje opp elevar gjennom undervisning, overgangar og friminuttArbeide målretta med struktur, relasjonar og førebygging av utfordrande situasjonarBidra til å utvikle eit trygt og inkluderande læringsmiljøSamarbeide tett med lærarar, føresette, PPT og andre faginstansarDelta i planlegging, evaluering og oppfølging av tiltak rundt elevaneVere ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksenperson i elevane sin kvardagKvalifikasjonar – barne- og ungdomsarbeidar

Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget er ønskjelegErfaring frå arbeid med barn og ungdomErfaring med eller interesse for arbeid med elevar med særskilte behovKjennskap til ADHD, autismespekterforstyrringar og reguleringsvanskar er ein fordelKompetanse i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ein fordelErfaring med språk- og kommunikasjonsvanskar er ønskjelegGod relasjonskompetanse og gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegKvalifikasjonar – miljøterapeut

Autorisasjon som vernepleiar er ønskjelegAndre med relevant helse- og sosialfagleg utdanning kan også søkjeErfaring frå arbeid med barn og ungdom med samansette behov er ønskjelegErfaring med autismespekterforstyrringar, ADHD, åtferdsvanskar eller psykososiale utfordringar er ein fordelKompetanse innan relasjonsarbeid, miljøarbeid og låg-affektiv tilnærming er ønskjelegKompetanse i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ein fordelEvne til å arbeide strukturert, systematisk og målretta rundt enkeltelevarGod relasjonskompetanse og gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegKven er du?
Vi ser etter deg som:

Er varm, tydeleg og trygg i møte med ungdomHar evne til å skapa gode relasjonar og bygge tillitEr tolmodig, fleksibel og roleg i krevjande situasjonarEr engasjert, løysingsorientert og samarbeidsvilligJobbar strukturert og sjølvstendig, men trivst også i teamBidreg positivt til arbeidsmiljøetPersonleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. For nokre av stillingane oppmodar vi særleg menn til å søkje.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
26
jobs in Os
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
3%
of roles
📊 Job market · Norway
6,448
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Os?
Currently 26 roles in Os on AlmostHired, across 8 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
3% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.