Vil du leie ein framtidsretta skule i spektakulære omgjevnader – med stort handlingsrom, tett samarbeid og høg trivsel?
Dette er stillinga for deg som ønsker å leie ein liten skule med store moglegheiter, tett på elevar, tilsette og lokalsamfunn. Som rektor ved Fjellgardane skule får du ei synleg og viktig leiarrolle, der du får vere med og forme utviklinga av både skulen og lokalmiljøet.
Om stillingaFjellgardane skule ligg på Hovden, øverst i vakre Setesdal, og er ein 1.–7. skule med litt over 40 elevar og 15 tilsette. Skulen har eit trygt og inkluderande læringsmiljø, engasjerte tilsette og tett kontakt med lokalsamfunnet. Vi ønsker ein rektor som vil utvikle vidare det gode fagmiljøet og styrke arbeidet med læring, trivsel og samarbeid – til beste for elevane våre. Du blir ein del av eit tett og godt samarbeid med barnehageleiar, kultur- og fritidsleiar og kommunalsjef.
Kvifor velje Fjellgardane skule?På Fjellgardane skule får du som rektor stort handlingsrom til å skape eit godt læringsmiljø. Skulen har gode digitale verktøy, oppdaterte lærebøker og godt utstyr til praktisk og kreativ undervisning.
Hos oss får du:
Ei meiningsfull leiarrolle med stor påverkingEit inkluderande og kompetent fagmiljø med engasjerte kollegaerEin moderne skule med gode pedagogiske verktøy og fasilitetarFast uteskuledag kvar veke – med læring tett på naturenStøtte frå ei samarbeidande og kompetent leiargruppeDeltaking i kommunen sitt leiarutviklingsprogramLøn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningarMoglegheit for bustad, hjelp til å skaffe bustad og flyttegodtgjersle etter gjeldande reglementStudielånsordning: Etter eitt år som folkeregistrert i Bykle får du sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år (frå 2026)Tilgang til bedriftsleilegheit i KristiansandArbeidsoppgåverLeie og utvikle vidare skulen som ein profesjonell læringsorganisasjonDrive utviklingsarbeidForvalte ressursar slik at vi sikrar trivsel og kvalitetHa overordna ansvar for økonomi og personalLegge til rette for involvering og gode samarbeidsprosessarSamarbeide med interne og eksterne aktørarSkape eit trygt og motiverande lærings- og arbeidsmiljøFølgje opp prioriterte satsingsområde og avtalarAndre oppgåver kan bli lagt til stillingaKvalifikasjonarRelevant pedagogisk utdanning / lærarutdanningPedagogisk kompetanse og undervisningserfaringGod innsikt i fagleg og pedagogisk arbeidLeiarerfaring og/eller leiarutdanning er ein fordelGode norskkunnskapar, både skriftleg og munnlegPersonlege eigenskaparVi ser etter deg som:
Er ein synleg og tydeleg leiar som viser retningEvnar å engasjere og motivere medarbeidararHar god fagkompetanse og tillit i leiarrollaByggjer gode relasjonar til elevar, tilsette og foreldreEr inkluderande og opptatt av fellesskapGode samarbeidsevnerEvne til å skape ein god samarbeidskulturEr positiv, fleksibel og løysingsorientertHar god gjennomføringsevneDet blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Praktisk informasjonDet blir kravd politiattest ved tilsettingOppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i vår digitale søkjarportalAktuelle kandidatar blir inviterte til intervjuTilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalarDet blir trekt 2 % pensjonsinnskotBykle kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unntatt offentlegheit, men dette må grunngivast skriftleg, jf. offentleglova § 25. Dersom ønsket ikkje kan innfriast, vil du bli varsla før offentleggjering.
For meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, tlf. 98 29 52 78 / e-post: knut.handeland@personalhuset.no.
Les artikkelintervju om stillinga her: https://www.personalhuset.no/stilling/fjellgardane-skule
Bykle kommune som arbeidsgivarKommunen er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområde og sju tenesteeiningarKommunen har om lag 190 tilsetteDet er kort avstand mellom leiar og tilsettKommunen er ein IA-bedrift
This listing is from nav. View original listing ↗