via NAV · 8 September 2026 ·11 days ago

Vil du bli vår nye maskinsjef?

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Ballangen Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Bognes - Skarberget, p.t. MF Glutra.

MF Glutra var bygd i år 2000 og var verdens første gassferje. I 2022 vart ho ombygd til batteri/hybrid.

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. 

Skiftordning er dagvakter med 2 veker på og 2 veker fri. Du vil få 6 vekers sommarferie!

Vi vurderer kandidatar fortløpande.

ArbeidsoppgåverUtfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.

KvalifikasjonarMinimum M3-sertifikatSikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskriftaMES opplæringKrise- og passasjerhandteringGyldig helseerklæringSkandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftlegPersonlege eigenskaparVi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.Fast stilling i eit anerkjent og solid selskapEit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leiligheter og rabattordningar. Skiftordning: Dagvakt - 2 veker på, og 2 veker av.6 vekers ferie på sommeren.KontaktinformasjonSigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no

Arbeidsstad

8540 Skarberget

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5177729249

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 23.09.2026

The market for this type of role

Similar openings
4,217
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Ballangen?
Currently 4,217 roles in Ballangen on AlmostHired, across 1,405 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.