Vil du å jobbe natt på Kronstad DPS? Sjukepleiar/vernepleiar til 75% vikariat
Kronstad DPS seksjon psykose døgn har ledig 75% vikariat på natt frå hausten 2026 (eller etter nærare avtale) med arbeid pt. kvar 3. helg.
Kronstad psykose døgnbehandling er ein open døgnseksjon. Vi tilbyr behandling og utgreiing av kortare varigheit for pasientar over 18 år med psykoseliding. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Det er 12 sengeplassar. I behandlargruppa har vi psykiatrar, psykolog, legar i spesialisering og sosionom.
Vi tilbyr mellom anna:
- Kognitiv miljøterapi
- Psykoedukasjon/undervising
- Medikamentell behandling
- Fysisk aktivitet
- Musikkterapi
ArbeidsoppgåverMedverke til å skape trygge rammer for pasientane Observere, kartleggje og dokumentereMedikamenthandtering AnsvarsvaktKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiarErfaring frå pasientgruppa/anna relevant erfaring Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
Ønskeleg med kompetanse innan møte med aggresjonsproblematikk (MAP)Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgarePersonlege eigenskaparInteresse for målgruppaAnsvarsbevisstEvne til fleksibilitet, og til å kunne bidra til gode løysingarDet vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillingaVi tilbyrGodt fagleg miljøErfarne og engasjerte kollegaerLønn i samsvar med gjeldande overeinskomstTurnus med arbeid pt. kvar 3. helgEin arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
KontaktinformasjonHilde Steinli, Seksjonsleder, +47 55956301, hilde.steinli@helse-bergen.no
ArbeidsstadFjøsangerveien 36
5053 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5134423867
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗