via nav · 30 May 2026 ·8 days ago

Vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i Yksnebjør barnehage 2026/2027

Fjaler kommune Yksnebjør barnehage
Dale I Sunnfjord
Does this job fit you?
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Yksnebjør barnehage har to ledige vikariat som barne- og ungdomsarbeidar for barnehageåret 2026/2027 – eitt i 100 % stilling og eitt i 50 % stilling. Ynskjer du å vere med og skape gode kvardagar fylt med leik, læring og omsorg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Hos oss får du ein variert og kjekk arbeidskvardag saman med barna, og du blir del av eit godt arbeidsmiljø med ei fin aldersblanding i kollegiet. Du vil vere ein viktig del av eit engasjert fagmiljø som jobbar for at barna skal oppleve tryggleik, meistring og glede i kvardagen.

Vi tilbyr introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, samt svært gode pensjons- og forsikringsordningar.

Yksnebjør barnehage har i frå hausten 73 barn og 19 tilsette fordelt på 6 avdelingar. Vi held til i to bygg, der eitt er eit nybygg frå 2016. Vi legg stor vekt på å vere mykje ute og bruke nærområdet aktivt. Små og store er glade i å gå på tur og utforske dei ulike årstidene.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillingane.

 

Kvalifikasjonar:Vi søkjer primært barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev. Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid med barn kan bli vurderte, men søkjarar med fagbrev vil bli prioriterte.Gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg.Grunnleggande digital kompetanseDen som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest og MRSA- og tuberkulin eigenerklæring Personlege eigenskapar:Vi ser etter deg som:

Har godt samspel med både barn og vaksneEr ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen med god relasjonskompetanseHar gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerJobbar løysingsorientert i eit travelt miljø – og held på humøretEr personleg eigna for stillingKommunen er oppteken av kjønnsbalanse i kollegiet, og menn vert føretrekte under elles like føresetnader.

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje ligg føre særlege grunnar for unntak, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden før lista vert gjort offentleg.

 
Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
7,812
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Dale I Sunnfjord?
Currently 7,812 roles in Dale I Sunnfjord on AlmostHired, across 2,604 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.