Vikariat for psykolog
Ønsker du deg ein fagleg engasjerande, variert og meiningsfull jobb på ein poliklinikk med eit godt arbeidsmiljø? Likar du å jobbe sjølvstendig med god støtte frå fagleg kompetente medarbeidarar? Er du løysingsorientert og opptatt av å ha det kjekt på jobb sjølv om arbeidskvardagen kan vere travel? Då er du rett person for oss! Vi har ledig 100% vikariat for psykolog som vi oppmodar deg til å søke på. Det er moglegheit for forlenging av vikariatet.
BUP Ytrebygda held til på Nesttun og gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 13 500 barn i opptaksområdet, som består av byområdet Ytrebygda i Bergen kommune, Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune. Poliklinikken har ca. 26 tilsette, med ulik kompetanse og erfaring. Vi er organisert i to geografiske team, noko som gjer at alle får erfaring med utgreiing og behandling av alle typar psykiske lidingar og nevroutviklingsforstyrringar i heile aldersspekteret.
For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr. Lov om Helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
ArbeidsoppgåverUtgreiing av psykiske lidingar hos barn og ungdomIndividuelt tilpassa behandling (individuell behandling, familiebehandling, gruppebehandling)Råd (konsultasjon) og rettleiing til skular, barnehagar og 1.linjetenestaSamarbeid med kommunehelsetenesta, barneverntenesta og andre delar av spesialisthelsetenestaDet blir forventa at psykologspesialistar gir rettleiing til psykologar under spesialisering og at dei deltar i poliklinikken sitt inntaksteamKvalifikasjonarGodkjend autorisasjon som psykolog i NoregErfaring med utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos barn og ungdomErfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og familierettleiingErfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeidErfaring med pasientadministrative verktøy (DIPS)Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgarePersonlege eigenskaparEmpatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørandeHøg fagleg og fagetisk medvitLøysingsorientertEvne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturertGode samarbeidsevner og evne til å bidra til et positivt arbeidsmiljøEvne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingarVed tilsetjing blir det lagt stor vekt på personlege eigenskaparVi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg og stabilt arbeidsmiljø Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåverMoglegheit til fagleg og personleg utviklingStøtte til spesialistutdanning eller vedlikehaldskurs
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonLinda Helen Knudsen Flygel, Seksjonsleiar, +47 55978000
ArbeidsstadØstre Nesttunvegen 20
5221 Nesttun
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5139341993
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 21.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗