Vikariat for pleiemedarbeidar, 80%
Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og som brenn for demensomsorg!
Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19 har vi ledig 80% vikariat som pleiemedarbeidar med 1-års varighet.Arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Er du ein pleiemedarbeidar som ønskjer å arbeide systematisk og personsentrert i demensomsorga? Hos oss får du høve til å bruke og vidareutvikle di kompetanse i eit miljø med høg kvalitet og faglege ambisjonar.
Hos oss står mennesket i sentrum. Vi arbeider aktivt med å skape trygge, gode og meiningsfulle dager for våre bebuarar med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og livshistorie.
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt. Avdelinga og eininga har godt omdømme.
Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Søknadsfrist 1. juni 2026
ArbeidsoppgåverPlanleggje og gjennomføre systematisk pleie og miljøterapeutiske tiltak Kartleggje funksjonsnivå, åtferd og behov ved bruk av faglege verktøy Bidra til struktur, forutsigbarheit og tryggleik for bebuarar med demens Delta i drøftingar, refleksjon og kontinuerleg kvalitetsforbetring Dokumentere i tråd med lovverk, faglege standardar og interne rutinar Samarbeide tett med sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og anna fagpersonell Praktisk hjelp Primærpleie Medisinhandtering når gjennomført kurs/opplæring Nært samarbeid med pårørandeKvalifikasjonarErfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad Kjennskap til personsentrert omsorg, miljøbehandling og åtferdsforståing Gode ferdigheiter i observasjon, vurdering og dokumentasjon Gode datakunnskaper Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit kravPersonlege eigenskaparVI søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesser for demensomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.
Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Vi tilbyrInkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer God opplæring og nærleiing Mentor-ordning ved oppstart Fokus på demensomsorg og fagleg utvikling Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver Gratis parkering I tillegg til tariffløn har kommuna generelle tillegg på kr 4000,- som kompensasjon for å arbeide på helg
Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
KontaktinformasjonCatharina Klokk Eide, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no
Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no
ArbeidsstadMolværsvegen 19
6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5135949768
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 01.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗