Vernepleiar/sjukepleiar: 100% fast stilling og årsvikariat 100% stilling
Vi har ledig ei fast 100% stiling og eit vikariat i eit år i 100%.
Det er ønske om å tilsette i 100% stilling, men om det er 80% som er aktuelt kan det vere mogleg.
Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov.
Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet.
Arbeidsoppgåver:
Miljøarbeid og praktisk bistand etter gjeldande retningslinjerRapportere og dokuementere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverkKollegaveiledning og å bidra til fagleg utvikling i einingaLegemiddelhandteringSamarbeid med pårørande, verger og andre samarbeidspartarTverrfagleg samarbeidAdministrative oppgåver kan bli lagt til stillingaKvalifikasjonar:
Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiarErfaring med og interesse for brukargruppa
Gode datakunnskaparEvne til å jobbe stølvstendig og i teamPersonlege eigenskapar vi sett høgt og legg vekt på:
Ansvarsbevisst, påliteleg og nøyaktigSett brukarane sine ønske og behov i fokusEvne til å arbeide planmessig og systematisk og med god gjennomføringsevneGode omsorgs- og samarbeidsevnerEr opptatt av å søke nye løysingar og ny kunnskapTilsettingsvilkår:
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Du må ha førarkort kl.B.
Hos oss får du:
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
This listing is from NAV. View original listing ↗