Turistvert/omvisar i Seljord kyrkje
Vi søkjer etter turistvert/omvisar til Seljord kyrkje i perioden 01. - 31. juli 2026.
Kyrkja vil vere open kvar dag frå kl. 11.00-17.00, med unnatak av ved kyrkjelege handlingar (vigslar og gravferd).
Vi søkjer etter deg som anten har kjennskap til, eller er villig til å lære, historia til kyrkja og formidle den til dei som kjem på besøk i løpet av sommaren.
Vi søkjer etter deg som:
Er utadvendt og imøtekommande
Har evne til å formidle godt både på norsk og engelsk
Har evne til å jobbe sjølvstendig
Er interessert i historie og lokalkultur
Arbeidsoppgåver:
Omvisning/guiding i kyrkja for turistar/besøkande
Svare på eventuelle spørsmål frå turistar/besøkande
Vakthald i kyrkja, herunder brannvakt
Føre statistikk over besøk
Reinhald og andre praktiske oppgåver
Det kan vere aktuelt å dele stillinga på fleire søkjarar, om det er ønskjeleg å jobbe delar av perioden.
Opplæring vil bli gitt.
Søkjarar må vere fylt 16 år.
Søknad kan sendast via "superrask søknad" eller på e-post til: petter@seljordkyrkje.no. Søknadar blir vurdert fortløpande. Hugs å skrive i søknaden om du søkjer på heile eller delar av perioden, i så fall kva for veker.
Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Petter Jakobsen, tlf.: 909 51 409 eller e-post: petter@seljordkyrkje.no
This listing is from nav. View original listing ↗