via NAV · 7 September 2026 ·12 days ago

Terna avlastning

Øygarden kommune Terna avlastning
Rong
This listing is from NAV
View original listing ↗

Om avdelinga : 

Terna avlasting gir avlasting til familiar med barn og unge med nedsett funksjonsevne.

Vi legg stor vekt på å gi trygg og god avlasting tilpassa den enkelte, med fokus på meistring, trivsel, aktivitet og gode relasjonar.

Stillinga er knytt til årsplan med todelt turnus og 12 helger i året, med langvakter om lag kvar fjerde helg.

Ei 20 % stilling kan passe godt for deg som ønskjer å kombinere denne jobben med studium eller anna jobb.

Arbeidsoppgåver:

Som miljøarbeidar hos oss vil du mellom anna:

bidra til tryggleik, trivsel og gode opplevingar for barn og ungeutføre stell og pleiedrive miljøarbeid med barn og unge med ulike diagnosar og ulik grad av somatisk kompleksitetfølgje opp medisinar i tråd med gjeldande rutinarsamarbeide tett med kollegaerbidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljøKvalifikasjonar 

Vi ser etter deg som har:

autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidargode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegførarkort klasse Bfylt 18 årSøkjarar med relevant erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurderte dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar.

Ved tilsetjing vil det bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.

Det er ein fordel om du har:

erfaring frå arbeid med barn og unge med nedsett funksjonsevneerfaring med miljøarbeid, stell og pleieinteresse for å skape aktivitet, meistring og gode opplevingar saman med barn og ungeKven ser vi etter?

Vi ser etter deg som er trygg, fleksibel og løysingsorientert, og som møter barn og unge med respekt, varme og tolmod.

Du kommuniserer godt med både barn, føresette og kollegaer, og du evnar å sjå den enkelte sine behov. Du likar å samarbeide, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig når det trengst.

Hos oss er ingen dagar heilt like – og det er nettopp det som gjer jobben spennande og meiningsfylt.

Vi tilbyr

ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for barn, unge og familiarmotiverte og kunnskapsrike kollegaerinteressante og varierte arbeidsoppgåvergode moglegheiter for fagleg og personleg utviklinggode pensjons- og forsikringsordningarIA-bedriftein arbeidsplass med fokus på samarbeid, trivsel og kvalitet 

Vil du bli ein del av teamet vårt?

Har du lyst til å bidra til at barn og unge får ein trygg og god avlastingskvardag? Då håpar vi å høyre frå deg!

Kontakt:

Helene Herdlevær Jentoft
Avdelingsleiar Terna avlastning
Tlf. 990 86 598

Monica Førde Landro
Leiar forvaltning og støttetenester
Tlf. 95 80 85 36

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
7
jobs in Rong
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Øygarden kommune Terna avlastning

2 open positions · Rong

📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Rong?
Currently 7 roles in Rong on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.