Tankbilsjåfør
FLÅTEN MASKIN AS
Stryn
Full-time
This listing is from NAV
Flåten Maskin AS søkjer tankbilsjåfør (2 veker på / 2 veker av).
Er du ein ansvarsbevisst og sjølvstendig sjåfør som trivst på vegen? Vi søkjer no ein dyktig sjåfør til vår moderne tankbil, ein Scania R660 (2025-modell).
Hos oss blir du ein del av eit selskap som legg vekt på gode verdiar, profesjonalitet og ordna arbeidsforhold. Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der medarbeidarane trivst, samarbeider godt og leverer kvalitet til kundane våre.
Om stillinga
- Fast turnus
- Oppstart måndag morgon og avslutning søndag kveld to veker seinare
- Du deler bilen med ein annan fast sjåfør
- Ved rolegare periodar kan det også vere aktuelt med andre transportoppdrag, til dømes krokbil
Køyringa skjer hovudsakleg i:
- Rogaland
- Vestland
- Møre og Romsdal
- Trøndelag
Vi ser etter deg som
- Har førarkort klasse CE
- Har gyldig YSK
- Er påliteleg og ansvarsbevisst
- Jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til arbeidsoppgåvene dine
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har fokus på sikker og profesjonell transport
Vi tilbyr
- Moderne og godt utstyr
- Konkurransedyktige lønsvilkår
- Fast turnusordning med god balanse mellom arbeid og fritid
- Eit godt arbeidsmiljø
- Ein trygg og seriøs arbeidsgivar
This listing is from NAV. View original listing ↗