via nav · 29 May 2026 ·8 days ago

Systemutviklar (overingeniør/senioringeniør) ved IT-avdelinga - Sensitive data og LabIT

Universitetet i Bergen
Bergen Full-time
4 jobs in Bergen — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillinga: Systemutviklar

Vi ønskjer å styrkje utviklingsteamet vårt med ein erfaren systemutviklar som brenn for å bygge moderne integrasjonar, robuste API-ar og brukarvenlege webapplikasjonar. Du må trivast i skjeringspunktet mellom arkitektur, utvikling og drift, og ha evne til å sjå heilskapen i komplekse systemlandskap. Hos oss får du jobbe tett med forskarar og fagmiljø som er avhengige av sikre, stabile og framtidsretta digitale tenester.

Handtering og prosessering av forskingsdata er eit område i rask utvikling, og behovet for moderne, automatiserte og skalerbare løysingar aukar. Ved IT-avdelinga si produktlinje for sensitive data, LabIT og klinikkdrift, er det no ledig ei fast stilling knytt til utvikling og vidareutvikling av tenester som bind saman plattformene våre – med særleg ansvar for integrasjonar i våre ulike produkt som SAFE, LabIT, LittNett og tilknytte system og koplingar og integrasjonar i NORTRE samarbeidet.

SAFE er UiB sitt «sikre analyserom» og har i dag meir enn 500 brukarar frå ei brei rekke fagområde, mellom anna medisin og helse, psykologi, samfunnsvitskap og kunst. SAFE er òg partner i NORTRE, den nasjonale infrastrukturen for personsensitive data, saman med NTNU og UiO. LabIT og LittNett tilbyr nettverk, lagring/backup og fjerntilgang for avanserte instrument brukt i forsking ved UiB, til dømes mikroskop og sekvenseringsutstyr.

Vi deltek òg i fleire nasjonale og internasjonale infrastrukturprosjekt støtta av Noregs forskingsråd og EU. Dette gir gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid med leiande fagmiljø.

Om IT-avdelinga
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga leverer eit breitt spekter av tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Avdelinga består av om lag 140 tilsette med variert kompetanse og bakgrunn, og vi deltek i mange spennande aktivitetar på tvers av heile universitetet.

Arbeidsoppgåver:Utvikle og forvalte API-ar og integrasjonar i SAFE, LabIT, LittNett og andre relaterte interne og eksterne systemBidra til arkitekturval, standardisering og tekniske retningslinjerAutomatisere og effektivisere arbeidsflytar i samarbeid med DevOps-miljøetSikre kvalitet, dokumentasjon og god informasjonstryggleik i alle løysingarDelta i nasjonale og internasjonale prosjekt knytt til forskingsinfrastrukturUtforske og implementere KI-støtta funksjonar som f.eks. semantisk søk, dataklassifisering og automatisert dokumentasjonDei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:Solid erfaring med utvikling av API-ar, integrasjonar og distribuerte systemGod og dokumentert kompetanse innan eitt eller fleire moderne programmeringsspråk (Python, Javascript)Kjennskap til skytenester og container-baserte plattformerForståing for informasjonstryggleik og personvernErfaring frå forskings- eller helserelaterte miljø er ein fordel, men ikkje eit kravEvne til å sjå heilskap og samanhengar i komplekse systemStrukturert, sjølvstendig og løysingsorientertGode samarbeidsevner og lyst til å jobbe tett med både tekniske og ikkje-tekniske fagmiljøInteresse for kontinuerleg læring og fagleg utviklingFor overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanningFor senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanningDu kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt med berre engelsk. I så fall blir det obligatorisk å gjennomføre og bestå norskkurs nivå to innan to årVi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:Ein sentral rolle i utviklinga av kritisk forskingsinfrastrukturVarierte og samfunnsnyttige arbeidsoppgåverMoglegheit til å påverke tekniske val og arkitekturHos oss brukar du moderne KI-verktøy som løftar kvalitet og tempoEit godt, inkluderande og fagleg utfordrande arbeidsmiljøEin kunnskapsrik og engasjert organisasjon med mange spennande aktivitetarGode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetansehevingStilling som overingeniør (kode 1087) i årsløn kr 642 000 – 710 000 eller senioringeniør (kode 1181), i årsløn kr. 722 000 - 850 000 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare lønMedlemskap i Statens pensjonskasseMoglegheit for avtale om delvis heimekontorFleksitid og gode velferdsordningar
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  produktlinjeleiar Kjell Fadnes (kjell.fadnes@uib.no, mobil 458 81 311) eller produktleiar Christine Stansberg (christine.stansberg@uib.no, mobil 402 33 184) eller produktområdeleiar Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137)

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll, og dette regelverket kan bli relevant ved behandling av søknader til stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

The market for this type of role

Similar openings
4
Software roles in Bergen
Full-time
92%
of Software roles in Norway
Remote possible
18%
of Software roles
Universitetet i Bergen

11 open positions · Bergen

📊 Software · Norway
46
active jobs
15.2%
Remote
Ø 3d
avg. online
Top skills in demand
PythonSQLREST APIJavaScriptReactJavaAgileDockerCI/CDAzure

Frequently asked questions

How many Software jobs are available in Bergen?
Currently 4 Software roles in Bergen on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do Software roles offer remote work?
18% of Software roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.