Sundheimen
Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø? Vi har to ledige stillingar pt. knytt til somatisk avdeling.
Er du ein engasjert sjukepleiar som ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Vi er opptatt av at vi saman arbeider for å få dette til og er i gang med sjukepleiarteam.
Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.
Om avdelinga:Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med totalt 54 senger. Det er somatisk- , demensavdeling og heildøgns omsorgsbustader. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. 10 av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Det er politiske føringar på at fleire omsorgsbustader blir knytt til. Brukarane er i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Arbeidsoppgåver:Heilskapleg omsorg for eldre menneskjeSjukepleiefaglege oppgåver og ansvarUtføre leiarskap når naudsyntIvareta pasientane sine individuelle behovSørge for god dokumentasjon i Aidn (nytt epj. frå mai 2026)Rettleie kollegaer, studentar, elevar og nytilsetteHandtere velferdsteknologiske løysningarEnklare Laboratorie-arbeidKvalifikasjonar:Må ha: Autorisasjon som sjukepleiarGode norskkunnskapar munnleg og skriftlegDigital kompetansePersonlege eigenskapar:Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturertDu er engasjert og ansvarsbevisstDu har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiterDu likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagarDu er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeidDu tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvarBidrar til godt arbiedsmiljø ved å fremma det positivePersonleg eigneheit blir vektlagtAnna:Det er mogleg å få inntil 100% fast stilling, den eine stillinga har fram til ny årsplan i desember 50% i langvaktSjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr- år eller langvakter i årsplan og 12 helger pr årEkstra helg planlagt i årsplan mot kompensasjonStillinga er ledig frå 1. augustVernepleiar kan bli vurdert for stillingaVed internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasseVi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningarEin spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljøMotiverte og kunnskapsrike kollegaerInteressante utfordringarHøve til fagleg og personleg utvikling.Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån Gratis parkering, og det er mogleg å ladeRekruteringstilleggSpennande og variable kvardagerMentorordning satt i systemKontakt- Einingsleiar: Janne Thode, 56160400 /45044569
janne.thode@oygarden.kommune.no
- Avdelingsleiar: Silje Skaden Heimdal 56160400/96942550
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from nav. View original listing ↗