Statistikar
Norsk MS-register og biobank er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister som har som formål å samle inn, forvalte og analysere data om personar som lever med multippel sklerose (MS) i Noreg. Registeret har svært høg tilslutningsgrad og er ein sentral aktør innan kvalitetsforbetringsarbeid og registerbasert forsking.
MS-registeret er klassifisert på høgaste nivå blant dei nasjonale medisinske kvalitetsregistera. Registeret har tett samarbeid med alle nevrologiske avdelingar i landet og deltek i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, både med og utan kopling til sentrale helseregister og data frå befolkningsundersøkingar.
Registeret har i dag fem tilsette: fagleg og dagleg leiar (statistikar), opplæringsansvarleg og to prosjektmedarbeidarar med hovudansvar for kvalitetsforbetringsprosjekt.
For å styrkje analysekapasiteten i registeret søkjer vi no ein statistikar i 50 % fast stilling.
ArbeidsoppgåverDen som blir tilsett vil ha ei sentral rolle i det statistiske arbeidet i registeret.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte:
Overordna statistisk leiaransvar i forskingsprosjekt som nyttar data frå MS-registeret, inkludert prosjekt med kopling til nasjonale og internasjonale helseregister Utvikling, drift og vidareutvikling av løysingar for datauttrekk, analyse, visualisering og rapporteringTilrettelegging, kvalitetssikring og dokumentasjon av datasett til analyse-, forskings- og utleveringsformål Bidrag i utforming av forskingsdesign og statistiske analyseplanar Veiledning på ph.d.- og postdoktornivå Statistisk rådgiving til registerleiinga og til interne og eksterne søkjarar om tilgang til data, under dette vurdering av metodeval, utval, styrkeberekningar, analyse og tolking av resultat Deltakelse i nasjonalt og internasjonalt samarbeid knytt til bruk av registerdata
KvalifikasjonarErfaring med tilrettelegging og statistiske analysar av helseregisterdata Erfaring med analyse av geografiske data God kompetanse i avanserte statistiske metodar for registerdata, særleg innan: overlevingsanalyse, regresjonsmodellar, bayesianske metodar og hierarkiske modellarstatistisk prosesskontroll Erfaring med analyseplanlegging og utarbeiding av statistisk analyseplan Erfaring med leiing og gjennomføring av analysearbeid i større, gjerne internasjonale, forskingsprosjekt Praktisk erfaring frå ERC‑prosjekt er ein fordel Svært god kompetanse i bruk av R God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskaparSjølvstendig- og team arbeiderNøyaktigFleksibelPåliteligVi tilbyrEin fagleg utfordrande og utviklande stilling i eit nasjonalt leiande fagmiljøMulighet til å arbeide med data av høg forskings- og samfunnsmessig verdi Tverrfaglig samarbeid i eit aktivt og kompetent miljø Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Mangfold og arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonTorhild Næss Vedeler, Direktør, +47 92808867
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5137504318
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 12.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗