Spennande prosjektstilling i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, ved fylkesstyret, fire lokallag og over tusen medlemmar, jobbar for å verne den vakre naturen vi har i fjordfylket. Vi søkjer etter ein initiativrik og engasjert medarbeidar og prosjektkoordinator til å drive fram aktivitet i regionen.
Hva vi ser etter
Ønska kvalifikasjonar:
Engasjement og interesse for natur- og miljøvern
Erfaring frå prosjekt og organisasjonsarbeid, og/eller frivillig arbeid
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
God samarbeids- og kommunikasjonsevne
Grunnleggande forståing for økonomi
Digital kompetanse og kjennskap til sosiale media
Ei relevant utdanning er ønskeleg, men erfaring vil kunne vege opp for dette
Førarkort klasse B og tilgang på egen bil
Arbeidsoppgaver
Stillinga er ei eittårig prosjektstilling i 50%, der den tilsette vert prosjektleiar for eit av organisasjonen sine prosjekt. Kva prosjekt dette blir vert avklara i intervjuprosessen og i samråd med andre tilsette, der søkjar vil få moglegheit med å kome med ønske. Det er moglegheit for forlenging og/eller utviding av stillinga dersom ein får sikra meir prosjektmidlar i tilsettingsperioden. Det er ønskjeleg med snarleg oppstart.
Per no har Naturvernforbundet Sogn og Fjordane følgande prosjekt:
Frivillig rydding av marin forsøpling
Andregongstenesta -- strandrydding med eldre
PUST SFj -- redusert forbruk og plastbruk
Skogglede -- inkl. artsklubben i Sunnfjord
Oppdrag blomstereng
(Sjå nettsida vår eller kontakt prosjektansvarleg for meir info om prosjekta)
Då mykje av aktiviteten til organisasjonen gjennomførast i samarbeid med frivillige, må ein medrekne noko arbeid på kveldstid og i helger, men hovuddelen av arbeidet vil vere innanfor normal kontortid.
I tillegg til prosjektarbeid vil den tilsette òg få høve til å ha ei rolle i det andre arbeidet i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, og kunne bidra etter kompetanse på ulike saksfelt.
Den tilsette må ha tilhald i Sogn og Fjordane, men er fleksibel på kva kommune du vil ha kontorplass. Per i dag har organisasjonen tilsett med kontorplass i Sogndal.
Lønn etter kompetanse og avtale. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og kan tilby ein fleksibel arbeidskvardag med gode avspaseringsordningar og fleksitid.
Stillinga inneber følgande oppgåver:
Prosjektleiing - ha ansvar for eitt av fylkeslaga sine prosjekt inkl. organisering av aktivitet i samarbeid med andre tilsette og frivillige i lokal- og fylkeslag, skrive prosjektsøknader og rapportere på prosjektmidlar.
Lage innhald til nettside, magasin og sosiale media
Søke om prosjektstøtte for vidareutvikling av prosjekt, eller oppstart av nye prosjekt
Vere ein sparringspartnar i organisasjonen sitt miljøpolitisk arbeid
Vi tilbyr
Moglegheit til å jobbe mot ei bærekraftig og naturvenleg framtid
Lønn etter kompetanse og avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode moglegheiter til å forme eigen arbeidskvardag.
Kontorplass ein stad i Sogn og Fjordane.
Moglegheit til reising i jobben (i hovudsak i Sogn og Fjordane).
Fagmiljø og fellesskap gjennom Naturvernforbundet sentralt og med fylkesstyret.
Samarbeid med andre organisasjonar med samanfallande interesser.
Moglegheit for utviding av stilling dersom finansiering kjem på plass.
This listing is from nav. View original listing ↗