via nav · 16 December 2025 ·179 days ago

Sommarvikar i heimetenesta i Sogndal

Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
Sogndal
13 jobs in Sogndal — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du ha ein sommarjobb som betyr noko? Bli sommarvikar i Heimetenesta Sogndal! Hjå oss får du ein jobb der du gjer ein forskjell kvar dag! Du blir ein del av eit omsorgstilbod der tryggleik, individuell tilrettelegging og fagleg kvalitet står i sentrum. 

Vil DU verta vår kollega til sommaren?

Me treng deg som er motivert, engasjert og sjølvstendig til å gjera det beste for våre brukara og deira pårørande. Som vikar hjelper du menneske til å få ein verdifull og meiningsfylt kvardag gjennom praktisk bistand, gode samtalar og ved å skape små, positive opplevingar som betyr mykje. 

Ynskjer du ein spennande og lærerik sommarjobb, håper me at du søkjer jobb hjå oss. 

Fint om du kan presisere kvar du helst vil jobbe: Heimetenesta, som heimehjelp eller på dagsenteret.

Sjukepleiar,- vernepleiar,- og medisinstudentar vert oppfordra til å søkje.  

Tilsetjing vil skje fortløpande. Turnus med arbeid kvar 2/3 helg, og med moglegheiter for langvakter på 14,5 timer på helg.  

Arbeidsoppgåver: 

Yte god og trygg helsehjelp til bebuarar i heimetenesta og omsorgsbustad. 

Kvardagsrehabilitering 

Varierte arbeidsoppgåver 

Yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag 

Arbeidsperioden vil vera frå veke 25 til veke 36. Du kan søkja sjølv om du ikke kan jobbe alle vekene, men søkjarar som kan jobbe heile perioden vert prioriterte. 

Kvalifikasjonar: 

Du må ha fylt 18 år, og ha førarkort klasse B 

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 

Politiattest 

Personlege eigenskapar: 

Positiv innstilling og løysningsorientert 

Evne til å jobbe sjølvstendig og i eit team 

Skape tillit og aksept og engasjement for å jobbe med menneske 

Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt. 

Me tilbyr: 

Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljøLøn etter tariff 
Relevante helsefaglege utdanningar på høgskule- /universitetsnivå som har fullført første året vert lønna som fagarbeidar, og som fagarbeidar med 8 års ansiennitet om du har fullført andre åretGod opplæring Relevante helsefaglege utdanningar på høgskule- /universitetsnivå som har fullført første året vert lønna som fagarbeidar, og som fagarbeidar med 8 års ansiennitet om du har fullført andre året. 

Me ynskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjera vårt beste for at du skal trivast.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort


Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
13
jobs in Sogndal
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
3%
of roles
Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal

2 open positions · Sogndal

📊 Job market · Norway
5,950
active jobs
2.6%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Sogndal?
Currently 13 roles in Sogndal on AlmostHired, across 4 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
3% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.