Skipsførar i sambandet Halsa-Kanestraum, pt. MF Moldefjord
Fjord1 har ledig stilling som skipsførar i sambandet Halsa - Kanestraum, p.t. MF Moldefjord
Som skipsførar vil du ha ei sentra rolle for å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med både kollegaer ombord og på land.
Skiftordning med 1 veke på og 1 veke fri, ein kan bu ombord i arbeidsperioden.
Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy, fokus på miljø og teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
ArbeidsoppgåverSom skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.
KvalifikasjonarMinimum D3-sertifikatROC/GMDSS-sertifikatSikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskriftaFerdigheitssertifikat medisinsk behandlingKrise-og passasjerhandteringGyldig helseattestSkandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftligPersonlege eigenskaparVi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk SjøoffisersforbundFast stilling i eit solid og anerkjent selskapDyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljøAttraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.Skiftordning 1 veke på 1 veke friVi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!KontaktinformasjonJill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518
ArbeidsstadE39 420
6680 Halsa
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5137926307
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗