Sjukepleiarar
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Er du i tillegg sjukepleiar?
Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!
Lærdal sjukehus har ledige stillingar for sjukepleiarar ved medisinsk sengepost:
2 x 75% faste stillingar. Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte. Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, medan 5 % er elektive pasientar. Vi er ein generell medisinsk sengepost med pasientar innan hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar.
Vi har eit godt fagmiljø, samstundes som vi ikkje er større enn at vi bli godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid samt gode moglegheiter for å skaffe seg nye bekjente.
Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har òg personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.
Meir informasjon om Lærdal kan du lese her.
Ønskjer du meir informasjon om stillingane, kan du ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon.
ArbeidsoppgåverMottak og oppfølging av pasientar på sengepost Sjukepleie til medisinske pasientarDelta i daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelingaSamarbeid i team med andre yrkesgrupperDelta i opplæring og rettleiing av studentarUtføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar Arbeid i snitt kvar tredje helg, moglegheit for langvakter på helgArbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiarGode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg Gode IKT-kunnskaparErfaring innen overvaking blir vektlagtDet er ønskjeleg med vidareutdanning innan kardiologi eller intensiv, men ikkje absolutt kravMå kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne Personlege eigenskaparHar eit tydeleg pasientfokus og utøver arbeidet i tråd med faglege og etiske verdiar Arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver Gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt fagleg og kollegialt miljø Fleksibel og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyrGod innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanningEit godt og inkluderande arbeidsmiljøLønn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarPersonalhytte på FilefjellMoglegheit for hjelp med bustad ved behov (opplys i søknaden dersom dette er aktuelt)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMarit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594
ArbeidsstedSjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5136559726
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 01.07.2026
Søknadsfrist: 14.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗