Sjukepleiar - Ytre Haram heimeteneste
Vi søkjer etter ein sjukepleiar i 100% fast stilling, for tida i turnus på dag/kveld med langvakter og arbeid 4. kvar helg. Stillinga er for tida ved Ytre Haram heimeteneste, som er lokalisert i Brattvåg. 3. års sjukepleiarstudentar kan også søkje, med krav om å fullføre utdanning innan 2026.
Nordøyane heimetenester har base på Longva, og yter helsetenester for innbyggjarar på Lepsøy, Haramsøy, Longva og Fjørtoft. Nordøyvegen har sørga for fastlandsforbindelse og at ein kan køyre mellom alle øyane. Nordøyane kan by på vakker natur med mange turmoglegheiter, og lokalsamfunn med mange sosiale tilbod.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og å gi gode tenester til tenestemottakarane.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
ArbeidsoppgåverIvareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.Pleie og omsorg til brukarar.Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.Bidra til eit godt arbeidsmiljø.KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar. 3. års sjukepleiarstudentar kan også søkje, med krav om å fullføre utdanning innan 2026.Førarkort klasse B.Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskaparDu må vere oppteken av fag og framtid.Du må vere løysingsorientert og engasjert.Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.Personleg eignaheit vert vektlagt.Vi tilbyrEin spanande arbeidsplass med base på Longva.Framtidsretta arbeidsmetodar med fokus på velferdsteknologi. Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.Løn etter tariff. KontaktinformasjonGrete Grytten, Avdelingsleiar, 48295440, grete.grytten@haram.kommune.no
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
ArbeidsstadStorgata 20
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5131183527
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗