via NAV · 15 September 2026 ·4 days ago

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Hjelset Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Ønskjer du ein jobb som verkeleg betyr noko? Då må du lese vidare!

Sengepost for kreft, palliasjon og hematologi ved SNR søkjer ein engasjert sjukepleiar eller spesialsjukepleiar!

Hos oss møter du pasientar med kreftsjukdom, hematologiske sjukdomar og behov for lindrande behandling. Du får ei viktig rolle i å ivareta både pasientar og pårørande gjennom krevjande og betydningsfulle livsfasar. Her får du bruke heile breidda i sjukepleiefaget, utvikle kompetansen din og bli ein del av eit sterkt fagmiljø prega av samarbeid, omsorg og fagleg stoltheit.

Vi er ein sengepost i utvikling, med høgt fokus på kvalitet, fagleg vekst og eit godt arbeidsmiljø. Hos oss får du mellom anna faste fagdager i turnus, internundervisning og tett fagleg samarbeid med erfarne kollegaer. Sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og studentar arbeider tett saman i team, og vi samarbeider dagleg med andre faggrupper for å gi pasientane den beste behandlinga og oppfølginga.

Vi har no ledig to faste stillingar i 100 % som sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Ved interne omrokkeringar kan det òg bli aktuelt med andre stillingar. Dersom du ønskjer ei anna stillingsstorleik, oppmodar vi deg til å søkje og oppgi ønskja stillingsprosent i søknaden.

Vi tilbyr

fleksibel turnus med moglegheit for langvakter både i vekedagar og helger (kvar fjerde helg), eller ordinære vakter med arbeid kvar tredje helg dersom det passar deg best.

Er du sjukepleiar med interesse for kreftomsorg, palliasjon og hematologi? Verdset du eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og ei spennande og meiningsfull pasientgruppe?

Då håpar vi å høyre frå deg.
Vi gler oss til å motta søknaden din – kanskje er du vår nye kollega!

ArbeidsoppgåverTett samarbeid med sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre faggrupper, mellom anna onkolog, hematolog, palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeutPasientane i seksjonen har ulike behov, og arbeidsoppgåvene omfattar derfor kartlegging, oppfølging og gjennomføring av tiltak tilpassa den enkelte pasienten, i samsvar med gjeldande retningslinjerKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiarRelevant vidareutdanning, erfaring og kompetanse kan bli vektlagtMeistre norsk munnleg og skriftleg - minimum B2 nivåKompetanse innan IT og bruk av digitale verktøy Personlege eigenskaparVi ser etter deg som har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdomarDu bidrar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljøDu er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dineDu er fleksibel, positiv og endringsorientertÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. 

KontaktinformasjonRagnhild Steinsland, Seksjonsleiar, +47 97483801, ragnhild.steinsland@helse-mr.no

ArbeidsstadOpdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5177265609

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.09.2026

The market for this type of role

Similar openings
8
jobs in Hjelset
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
1%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Hjelset?
Currently 8 roles in Hjelset on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
1% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.