via NAV · 10 September 2026 ·9 days ago

Sjukepleiar søkjast til eining for sikkerheit og rehabilitering

Sikkerhet- og rehabiliteringspost Valen Sjukehus
Valen Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

🌟 Vil du vere med og skape tryggleik, håp og meistring?

Eining for sikkerheit og rehabilitering har ledig fast stilling som sjukepleiar. Avdelinga er ei spesialeining med åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. To av plassane er for kvinner med valds- og farlegheitsproblematikk, medan fire plassar er tilrettelagde for forsterka rehabilitering av pasientar med sikkerheitsproblematikk. Dei resterande plassane er for pasientar med behov for forsterka rehabilitering.

🤝 Gjennom kartlegging og utgreiing tilpassar vi behandlinga til den enkelte pasienten sitt sjukdomsbilete, evner og ressursar. Behandlinga kan omfatte legemiddel, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og tiltak som fremjar livsmeistring.

Brukarmedverknad står sentralt i arbeidet vårt, og vi legg vekt på å skape trygge rammer som støttar utvikling, meistring og rehabilitering.

👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg. Søk no og bli ein del av vårt fagmiljø!

Kva går jobben ut på?Sjukepleie til pasientar som treng behandling i sikkerhetspsykiatrisk døgnpost.Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar.Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring.Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten.Vere med å vurdere og lage handteringsplanar knytte til valdsrisiko.Utforme kortsiktige og langsiktige behandlingsplanar.Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon som sjukepleiar.Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar.Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du

er robust og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleiker initiativrik, engasjert og viser respekt for kvar enkelt pasientarbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåversamarbeider godt i team og bidreg til eit godt arbeidsmiljøetterspør rettleiing hvis ein er usikker på nokoPersonlege eigenskapar blir vektlagde. 

For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje.

Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du

ein meiningsfull jobb der du kan følgje pasientar over tid og bidra til reell endringeit triveleg arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandrestrukturert opplæring og oppfølging som nytilsettinternundervisning og regelmessig fagleg rettleiingVi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonHelena Heimvik, Funksjonsleder, helena.heimvik@helse-fonna.no

ArbeidsstadSjukehusvegen 26

5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5179049932

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.09.2026

The market for this type of role

Similar openings
4,217
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Valen?
Currently 4,217 roles in Valen on AlmostHired, across 1,405 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.