Sjukepleiar
Er du sjukepleiar og trivst med å jobba på natt? Søk ledig stilling hos oss.
70 % fast i Natt-tenestaledig frå 03.08.2026Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming i heile kommunen. Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeidar på tvers av dei ulike gruppene. Natt-tenesta er organisert i Tenester til heimebuande.
I Natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein engasjert og nytenkjande sjukepleiar. Velkomen som søkjar!
ArbeidsoppgåverSjukepleie til heimebuande og på institusjon.
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiarDu må ha sertfikat klasse B Erfaring frå nattarbeid er ein fordelGode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (tilsvarande BI)Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskaparTek ansvar og likar ei utfordringFleksibel og nytenkjandeJobbar sjølvstendig, men har og har god evne til samarbeid
Vi tilbyrEit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utviklingDu får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasarLøn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystemSom sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg med 40 000 pr år (forhaldsmessig ved deltid)Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjonSøknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssakaI Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenestaMe gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonIoana Hauge, Gruppeleiar Natt-tenesta i Kvam, +47 481 45 217
ArbeidsstadNedre Norheim 44
5600 NORHEIMSUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5136662596
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 14.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗