Sjukepleiar
Er du vår nye kollega?
Me søkjer etter sjukepleiar til 100 % vikariat i Kvam heimeteneste
Som sjukepleiar hos oss vil du gje fagleg oppfølging og sjukepleie til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustadStillinga er ledig frå oktober og for tida i turnus med arbeidshelg kvar 3. helgKvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.
ArbeidsoppgåverSjukepleie primært knytt til heimebuande i Kvam. Sjukepleiebistand inn i omsorgsbustad. Oppfølgjing etter førespurnad frå responssenteret
Elektronisk dialog og kontakt med fastlegar/sjukehus/spesialisthelsetenesteOrganisering og handtering av tiltaksplanar for oppfølgjing av heimebuandeUtføring av medisinske prosedyrar etter vedtakAdministrasjonsoppgåver knytt til legemiddelhandteringKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiarDu må kunne arbeida sjølvstendig Må ha førarkort klasse BGode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskaparMe søkjer deg som:
er fleksibel, løysningsorientert og tek ansvarkan samarbeide med kollegaer og samarbeidspartnararmøter andre på ein respektfull og open måtedeler og aukar kunnskaper open for endringarkan nytte digitale verktøyVi tilbyrMe tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekningLøn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystemSom sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenestaMe gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonCharlotte Bjørge, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, +47 48208990
ArbeidsstadAldehagevegen 42
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5178388174
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 24.09.2026
This listing is from NAV. View original listing ↗