via nav · 2 June 2026 ·4 days ago

Sjukepleiar

Helse og omsorgssenter, Vanylven kommune
Fiskå Full-time
6 jobs in Fiskå — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vanylven Helse og Omsorgssenter har ledig inntil 100% fast stilling som sjukepleiar.
Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!

Omsorgsenteret har totalt 43 plassar, fordelt på langtid, korttid, avlastning, demens, KAD og palliative rom. 

Som sjukepleiar på omsorgsenteret jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser og palliativ behandling i livets sluttfase. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som sjukepleiar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter. 

Vanylven helse- og omsorgssenter har god sjukepleiarfagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.

Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!
Arbeidet er for tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld, arbeid kvar tredje helg. Ein kan eventuelt gå komprimert turnus med langvakter, arbeid kvar fjerde helg.
Vi har årsturnus, noko som vil skape forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje. 
Vanylven helse-og omsorgssenter er lokalisert på Fiskå, bygget sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt. 

Vanylven kommune har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar med 30 000,- pr år i 100% stilling. 

Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga. 
Om du er i sluttfasen av sjukepleiestudiet, må du gjerne søkje fast stilling hos oss allereie no. 

ArbeidsoppgåverIvareta sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandlingSørge for god dokumentasjon, vi brukar Helseplattforma. Vurdere og kartlegge behov hos bebuarane MedikamenthandteringTverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingarSikre gode pasientforløpTa i bruk velferdstekologiske løysingarKvalifikasjonarOffentleg godkjend/autorisert skjukepleiarGjerne relevant vidareutdanning og kursGodkjent politiattestGod kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøyGode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg Effektiv fleksibel og løysingsorientertEngasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelingaPositiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljøPersonlege eigenskaparDu arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljøDu likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagarDu er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeidDu tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvarDu kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andrePersonleg egnaheit blir vektlagt Vi tilbyrLønns- og pensjonsbetingelsar iht tariffavtaleFaglege utfordringarSpennande og varierte kvardagar Moglegheit for eigenutviklingPositivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaerGodt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfaglegMoglegheit for tilrettelagt turnusTilrettelegging for vidareutdanning på områder som Vanylven kommune har behov forRekrutteringstilleggGode pensjonsordningarKontaktinformasjonKatrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221, katrin.sunde@vanylven.kommune.no

ArbeidsstadRådhusvegen 1

6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 5138623087

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
6
jobs in Fiskå
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Helse og omsorgssenter, Vanylven kommune

2 open positions · Fiskå

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Fiskå?
Currently 6 roles in Fiskå on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.