via NAV · 8 September 2026 ·11 days ago

Sjukepleiar

Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune
Kalvåg Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Er du sjukepleiar og på jakt etter ein jobb der du får brukt både fagkunnskap, omsorg og samarbeidsevner? På Bremanger sjukeheim har vi no ledig ei fast 100% sjukepleiarstilling i bemannigsbasen, og vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med og skape gode dagar for pasientane våre.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du lærer mykje på kort tid. Sjukeheimen har 35 bueiningar fordelt på tre avdelingar – ei av dei er spesielt tilrettelagt for personar med demens, og vi har også eit lindrande rom. Du blir ein del av eit fagmiljø som jobbar tett saman, og som set pris på humor, støtte og gode kollegaer.

Vi jobbar i årsturnus, og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid.

ArbeidsoppgåverDette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.

Du vil mellom anna:

Utføre sjukepleiefaglege oppgåver hos pasientaneFølgje opp ei brei pasientgruppe med ulike behov
Gi heilskapleg omsorg for eldre menneske
Vurdere og ivareta individuelle behov
Delta i ressursgrupper og fagutvikling
Dokumentere, rettleie og underviseKvalifikasjonar (overskrift)Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Erfaring frå akuttmedisin er ein fordel
Trivst med teamarbeid og samarbeid på tvers
Omstillingsdyktig og løysingsorientert
Politiattest av nyare dato
Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnlegVi ser etter ein sjukepleiar som møter pasientane med varme, tryggleik og fagleg nysgjerrigheit. Du trivst med menneske, og du ønskjer å bruke kompetansen din til det beste for kvar enkelt pasient. Arbeidskvardagen hos oss er variert, og du må kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og tilpasse deg nye situasjonar.

Du jobbar godt sjølvstendig, men set også pris på å vere ein del av eit lag som støttar kvarandre. Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
Gratis barnehage
Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. 

Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ 

I tillegg får du:

Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
Rekrutteringstilskot til sjukepleiar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet. 
Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. 
Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
Senioravtale for tilsette over 62 år

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!      KontaktinformasjonEvy Janne Berle, Driftssjef, +47 95982944

ArbeidsstadGamlevegen 59

6729 Kalvåg

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5175312713

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.09.2026

The market for this type of role

Similar openings
4,217
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune

2 open positions · Kalvåg

📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Kalvåg?
Currently 4,217 roles in Kalvåg on AlmostHired, across 1,405 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.