Sjukepleiar/bioingeniør på Øystre Slidre legekontor- 50% fast
Vil du bli ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø? Då håpar vi å høyre frå deg!
Kommunen sitt legekontor ligg på Heggenes, sentralt plassert mellom Beitostølen og Fagernes. Ved legekontoret er det fire spesialistar i allmennpraksis og ein LIS1 lege, samt dyktige dyktige medarbeidarar innan sjukepleie og helsesekretærteneste.
Vi har no ledig 50% fast stilling, med moglegheit for å jobbe inntil 100% i periodar. Vi søkjer deg som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Hos oss får du arbeide tett saman med erfarne fagpersonar og bidra til gode helsetenester for innbyggjarane i kommunen.
Vi søkjer primært sjukepleiarar, men bioingeniørar er også velkomne til å søke.
ArbeidsoppgåverBetene telefon og resepsjonTa imot og følgje opp pasientar i behandlingsromUtføre prøvetaking og andre oppgåver på laboratorietBidra med andre oppgåver etter behov og kompetanseKvalifikasjonarUtdanning og autorisasjon som sjukepleiar eller bioingeniørDet er ønskjeleg med erfaring frå arbeid på legekontor Personlege eigenskapar vil bli vektlagtDet er krav om politiattest i stillinga, etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4 .
Personlege eigenskapar
Du kan arbeide sjølvstendig, og i lag med andreDu har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnerDu har evne til å arbeide strukturert, også i periodar med høgt arbeidspressDu møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein imøtekomande og respektfull måteDu er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåverVi tilbyr
Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljøVarierte og meiningsfulle arbeidsoppgåverDu vil få opplæring av dyktige og hyggelege kollegaerLøn etter kvalifikasjonar og gjeldande tariffavtaleGode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLPKontaktinformasjonPer Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, +47 92666185
ArbeidsstadBygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5177808199
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
This listing is from NAV. View original listing ↗