Sjukeheimslege i institusjonsteneste
Bjørnafjorden kommune har ledig 100 % stilling som sjukeheimslege (ALIS) frå 1.9.26 - 28.2.27. Vi søkjer deg som har hjarte for eldreomsorg, og ønskjer å jobbe i eit engasjert, positivt og inspirerande miljø. Det er gode mogelegheiter for både "ad hoc" og meir strukturert rettleiing av erfarne legar.
Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os med kort reiseveg frå Bergen.
Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året.
Vi har og 2 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri. Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing.
Arbeidsoppgåver
Utredning, behandling og oppfølging av bebuararTverrfagleg samarbeidRådgjeving og rettleiing av helsepersonellSamarbeid med pårørande, fastlegar og øvrige einingar og faggrupparKan om ønskjeleg delta i legevaktsordninga Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som legeUtanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandetSøkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftlegGyldig politiattest må leggjast framPersonlege eigenskapar
Vi søker deg som har interesse og engasjement for feltet sjukeheimsmedisin eller ønsker å lære om fagetDu har fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitetDu er ansvarleg, fleksibel, positiv og har gode samarbeidsevner Gode kommunikasjonsferdigheiterDet blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikringGod konkurransedyktig lønnFaglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljøEn svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagarInternundervisning sammen med øvrige kommunalt tilsette legarGode pensjons- og forsikringsordningarAllmennmedisinsk teneste på sjukeheim for spesialisering i allmennmedisinRettleiing av erfarne sjukeheimslegarVi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunenEtter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from nav. View original listing ↗