Sentralbord- og servicemedarbeidar
Vi søkjer ein serviceinnstilt, strukturert og positiv medarbeidar til å betjene resepsjonen og sentralbordet vårt ved feriar og fråvær. Som sentralbord- og servicemedarbeidar vil du ha ei sentral rolle i møtet mellom kommunen og omverda. Du er ofte den fyrste kontakten både besøkjande, samarbeidspartnarar og tilsette møter – enten på telefon, e-post eller ved personleg oppmøte.
Vi ønskjer oss ein person som trivst med å jobbe med menneske, som er strukturert og har evne til å handtere ein variert og til tider travel arbeidskvardag. Du vil få ein sentral funksjon i å sikre god flyt i informasjon, bidra til profesjonell mottak av gjestar og skape ei positiv oppleving av verksemda vår.
ArbeidsoppgåverBetjene sentralbord og handtere innkomande førespurnader på telefon og e-postMottak av besøkjande og leverandørarGje informasjon og rettleiing til brukararUtføre enklare administrative oppgåverPosthandtering og praktisk tilrettelegging
Bidra til orden og god service i resepsjonsområdetAndre førefallande oppgåverKvalifikasjonarRelevant erfaring frå service, resepsjon eller sentralbord er ein fordel, men ikkje eit kravGode samarbeids- og kommunikasjonsevner God digital kompetanse og evne til å bruke ulike systemStrukturert og effektiv arbeidsmåteGode norskkunnskapar muntleg og skriftlegPersonlege eigenskaparDu er positiv, serviceinnstilt og profesjonell i møte med andre menneskeDu er fleksibel og løysingsorientertDu taklar eit høgt tempo og har evne til å handtere fleire oppgåver samstundesDu er sjølvstendig og pålitelegDu er ein lagspelar med gode samarbeidsevner, og bidreg til eit godt arbeidsmiljøPersonleg egnaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyrEin meiningsfylt jobb med varierte arbeidsoppgåverEit godt og inkluderande arbeidsmiljøMoglegheit for utvikling av servicekompetanseGode forsikrings- og pensjonsordningarLøn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalarKontaktinformasjonAud-Karin Hovi, Økonomisjef, 41455439, aud-karin.hovi@vestre-slidre.kommune.no
ArbeidsstadSlidrevegen 16
2966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5131258466
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 07.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗