via NAV · 8 September 2026 ·11 days ago

Seksjonsleiar

Teknisk drift Førde sentralsjukehus
Førde Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Vil du jobbe med eigedomsdrift og utvikling?

Drift og eigedom i Helse Førde søkjer ein engasjert og løysingsorientert seksjonsleiar til ei spennande stilling ved Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus. Dette er ein unik sjanse for deg som ønskjer å kombinere byggfagleg kompetanse med strategisk leiing innan eigedomsområdet. Fagområdet er i stadig utvikling, og bygningsmassen er ein viktig føresetnad for effektiv drift av sjukehuset. Stillinga er ledig for tilsetjing frå 01.10.2026. 

Om seksjonen       
Seksjonen har 20 tilsette og er i dag organisert i Teknisk driftsavdeling, som tilhøyrer klinikk for Drift og eigedom. Seksjonen har ansvar for drift og vedlikehald av bygningsmassen ved Førde sentralsjukehus med tilhøyrande tekniske anlegg. Seksjonen har òg eit avgrensa ansvar for Sunnfjord medisinske senter i Florø.

Seksjonsleiar rapporterer til Avdelingssjef for Teknisk drift.

Kvifor velje oss?
Sjukehusbygg er dei mest komplekse og moderne bygga i landet, med avansert teknologi og tekniske system som utfordrar kompetansenivå og behov for nytenking.

Hos oss får du ein variert og engasjerande arbeidskvardag med personalansvar for dyktige fagfolk med allsidig kompetanse. Du blir ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø lokalt, regionalt og nasjonalt. 

Kontorstad er Førde sentralsjukehus.

Sunnfjord har mykje å tilby: Jobbe, leve og bu i Sunnfjord!

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar og ser fram til å høyre frå deg!

ArbeidsoppgåverSentrale arbeidsoppgåver for stillinga er:

Leie og utvikle seksjonen i tråd med Helse Førde sine mål og strategiarSikre forsvarleg drift og vedlikehald av Førde sentralsjukehus med tilhøyrande bygningsmasseAnsvar for investeringar, driftsprosjekt, anskaffingar og livsløpsforvaltning av utstyr og byggPersonal-, fag- og økonomiansvar for avdelingaSamarbeide tett med kliniske avdelingar i utvikling av bygningsmassenBrei kontakt med leverandørar og brukaravdelingarFølgje opp krav innan kvalitet, pasienttryggleik og regelverkKvalifikasjonarVed val av kandidat vil følgjande kvalifikasjonar bli vektlagt:

Må beherske norsk og engelsk skriftleg og munnlegErfaring med økonomistyring og prosjektleiingLeiarerfaring, gjerne frå eigedomsdriftGod systemforståingKompetanse innan byggfag, elektro eller VVS vil vere ein fordelProsjekterfaring Utdanningsnivå

HøgskuleFagskule/fagbrev
Personlege eigenskaparVi legg stor vekt på personlege eigenskapar, og ser spesielt etter desse eigenskapane:

Evne til å jobbe systematisk og sjølvstendig, gode kommunikasjonsevner og positiv innstillingTydeleg og inkluderande leiarstilStrategisk og løysingsorientertStrukturert og gjennomføringssterkServiceinnstilt og evne til å motivere og utvikle dei tilsetteVi tilbyrLønn etter avtaleGode pensjons- og forsikringsordningar
Triveleg arbeidsmiljø
Eit kompetent og engasjert fagmiljøHjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskelegGode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonPer Arne Flølo, Direktør Drift og eigedom, (+47) 578 39 340

Terje Jan Nes, Avdelingssjef Teknisk driftsavdeling, (+47) 415 30 517

ArbeidsstedSvanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5174784094

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.09.2026

The market for this type of role

Similar openings
17
jobs in Førde
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Førde?
Currently 17 roles in Førde on AlmostHired, across 5 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.