via nav · 29 May 2026 ·8 days ago

Seksjonsleiar Identitets- og tilgangsstyring

Plattformtenester, Helse Vest IKT
Bergen Full-time
331 more jobs in Bergen.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit. Sidan 2004 har Helse Vest IKT levert IT-utstyr og IT-løysingar til heile regionen, og vi aukar jamleg satsinga på innovasjon og nyvinningar for å forenkle pasientkvardagen.

Vi søkjer seksjonsleiar for identitets- og tilgangsstyring. Seksjonen har ansvar for heilskapleg og brukarnær identitets- og tilgangsstyring, som sikrar at rett person får rett tilgang til rett tid. Ansvarsområdet omfattar mellom anna IAM (Identity and Access Management), Active Directory, Entra ID og andre løysingar som legg til rette for gode og effektive brukaropplevingar ved pålogging.

Stillinga rapporterer til avdelingsleiar infrastruktur og inngår i avdelinga si leiargruppe. Du får ansvar for å leie medarbeidarane i teama og sikre leveransar i tråd med verksemda sine mål, strategiar og styringsmodell.

Arbeidsstad vil vere Bergen, Haugesund, Førde eller Stavanger.

ArbeidsoppgåverLeie, forvalte og vidareutvikle tenester innan identitets- og tilgangsstyring (IAM) for heile verksemdaSetje retning gjennom å etablere felles strategiar, styrande prinsipp, arkitektur og standardar på områdetSamordne og vidareutvikle løysingsporteføljenVal knytta til teknologiløysingar innan identitets- og tilgangsstyringBygge sterke og velfungerande team som sikrar stabil drift og høg kvalitet i leveransaneLede, utvikle og følgje opp medarbeidarar, og bidra til å rekruttere og vidareutvikle nødvendig kompetanseSikre gode brukaropplevingar gjennom trygg og effektiv tilgangsstyringGjennomføre gode avvegingar mellom tryggleik, brukervennlegheit og tekniske løysingarSikre heilskaplege leveransar som støttar verksemda sine mål og behov på tvers av organisasjonenAnsvar for økonomi, ressursstyring og personal i eininga
KvalifikasjonarRelevant høgare utdanningRelevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanningØnskeleg med leiarerfaringErfaring frå arbeid med Identitet- og tilgangsstyringGod forståing for infrastruktur, tryggleik og kva som skal til for å levere stabile plattformerGod munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelskGode samarbeids- og kommunikasjonsevnerDu må kunne sikkerheitsklarerastPersonlege eigenskaparVi ser etter deg som:

er resultatorientert, set tydelege mål og har sterk gjennomføringsevnetek velgrunna avgjerder og står støtt i dei – også når dei er krevjandehar god forståing for verksemda sitt samfunnsoppdrag og ser tenestene våre som del av ei større heilskapevnar å balansere dei strategiske hovudlinjene med dei viktige operasjonelle detaljaneleier og arbeider konstruktivt også under press, og står støtt når du møter motganger ein lagspelar som gir tillit, og som legg til rette for at medarbeidarar får brukt og utvikla kompetansen sinskapar engasjement og trivsel, og har eit stabilt og positivt humørVi tilbyrEi unik moglegheit til å arbeide i eit stort, kompetent og tverrfagleg fagmiljø i ein banebrytande bransje som påverkar kvardagen til mangeEit meiningsfylt arbeid der du bidreg til betre helsetenester, samtidig som du får gode høve til både fagleg og personleg utviklingGode og føreseielege vilkår gjennom Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsetteFleksible arbeidsordningar som legg til rette for balanse mellom arbeid og fritid, med fleksitid og 37,5 timars arbeidsveke inkludert lunsjLøn etter avtaleGode pensjons- og forsikringsordningar gjennom medlemskap i KLPVi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonHarald Flaten, Divisjonsleiar, +47 95 94 52 37

ArbeidsstadBjørnsons gate 29

5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 5136586352

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
331
jobs in Bergen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Plattformtenester, Helse Vest IKT

2 open positions · Bergen

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bergen?
Currently 331 roles in Bergen on AlmostHired, across 110 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.