Rettleiar IPS
I Nav Region Voss og Hardanger arbeider vi kvar dag for at fleire menneske skal få moglegheit til å delta i arbeidslivet og samfunnet.
Hos oss møter du engasjerte fagfolk som trur på at arbeid kan vere ein viktig veg til betre psykisk helse, meistring og livskvalitet.
No søkjer vi ein IPS-jobbspesialist som ønskjer å vere med på dette viktige samfunnsoppdraget.
Kan det vere deg?
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan arbeidsinkludering og tett samarbeid mellom helse- og arbeidstenester. Saman arbeider vi målretta for å finne moglegheiter framfor avgrensingar og skape varige resultat for menneske som treng støtte på vegen inn i arbeidslivet.
Hos oss får du kombinere relasjonsbygging, fagleg arbeid og samfunnsengasjement i ei rolle der du faktisk kan sjå forskjellen du gjer for andre.
Om stillinga
Dette er ei variert og sjølvstendig rolle der du arbeider tett på menneske som ønskjer å kome i arbeid, samtidig som du byggjer relasjonar med arbeidsgjevarar og samarbeider med fagmiljø innan helse og Nav. Arbeidshverdagen er oppsøkjande, dynamisk og prega av tett kontakt med både deltakarar, samarbeidspartnarar og lokalt arbeidsliv.
Stillinga er delt mellom Bjørkeli DPS på Voss og Fonna DPS i Odda, og omfattar deltakarar frå kommunane Ullensvang, Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Du jobbar etter metoden Individual Placement and Support (IPS), ein kunnskapsbasert metode for arbeidsinkludering av personar med psykiske helseutfordringar. Målet er å hjelpe fleire inn i arbeidslivet og vidare i livet gjennom arbeid.
Kva går jobben ut på?følgje opp deltakarar etter IPS-metodikken med mål om ordinært arbeidkartleggje ressursar, interesser og jobbønskeoppsøkje og samarbeide med arbeidsgjevarar i lokalt næringslivbistå med jobbsøking, CV og førebuing til jobbintervjugje individuell oppfølging både før og etter tilsetjingsamarbeide tett med behandlarar, Nav-rettleiarar og andre fagpersonardokumentere og rapportere i tråd med gjeldande kravha ansvar for framdrift og oppfølging i eiga portefølje med om lag 20 arbeidssøkjarar Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha
fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan sosiale fag, pedagogikk eller leiing. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.erfaring med eller kompetanse innan rettleiing og oppfølging av menneskegod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskførarkort klasse B
Det er ein fordel om du har
erfaring frå arbeid med menneske med psykiske helseutfordringarerfaring med arbeidsinkludering og oppsøkjande arbeid retta mot arbeidsgjevararerfaring frå tverrfagleg samarbeidkunnskap om arbeidsmarknaden i Voss- og HardangerregionenKva ser vi etter hos deg?er ein god relasjonsbyggjar og skaper tillit hos både deltakarar og samarbeidspartnararer initiativrik og trivst med arbeidsgjevarkontakter sjølvstendig og trygg i å planleggje og leie eigen arbeidskvardaghar gode samarbeidsevner og er omstillingsdyktig Kvifor velje oss?ei meiningsfull stilling der du kan gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdraggode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetansehevingaktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljøvelferdsgode som fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida stillinga er organisatorisk plassert ved Nav Voss, regionskontoret i Voss og Hardanger statleg tilsetjing i stillingskode 1434, med løn frå kr 639 000 til kr 675 000. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasseLes meir om Nav som arbeidsgivar
KontaktinformasjonCathrine Seim-Haugen, Avdelinsleiar , 91393284, cathrine.seim-haugen@nav.no
Maritza Senneseth, Metoderettleiar , 96013864, Stephanie.Maritza.Villegas.Senneseth@nav.no
ArbeidsstedGurid Almenningensplass 1
5704 Voss
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5165213584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
This listing is from NAV. View original listing ↗