Rektor / Einingsleiar
Om stillingaSveio kommune lyser ut ei spennande stilling som rektor/einingsleiar ved Vikse skule.
Vikse skule ligg om lag 14 km frå Haugesund sentrum. Inneverande skuleår har skulen seks klassar på 1.–7. trinn, med til saman 82 elevar.
Som rektor ved Vikse skule får du leie ein barneskule i ein krins i utvikling, saman med 19 dyktige og motiverte medarbeidarar. Du blir ein del av skuleleiargruppa i kommunen og får ei sentral rolle i å drive og vidareutvikle skulen både fagleg, pedagogisk og organisatorisk.
Saman med dei andre skulane i Sveio arbeider Vikse skule i tråd med satsingsområda i kommunen sin kvalitetsutviklingsplan. Skulen har eit aktivt utviklingsarbeid med vekt på praktisk og variert opplæring, mellom anna gjennom bruk av uteområde og nærmiljø. To-lærar i norsk, matematikk og engelsk skal styrkje den tilpassa opplæringa og bidra til at flest mogleg elevar får eit inkluderande tilbod i klassen. Skulen satsar òg på lesing, varierte læremiddel og utprøving av valfag på mellomsteget for å fremje elevmedverknad og samarbeid på tvers av trinn.
Arbeidsoppgåverleie og vidareutvikle Vikse skule som ein trygg, inkluderande og lærande organisasjonvere skulen sin faglege og pedagogiske leiar, med elevane si læring, utvikling og trivsel i sentrumleie det pedagogiske utviklingsarbeidet i tråd med kommunen sin kvalitetsutviklingsplan og skulen sine prioriterte satsingarha ansvar for personalleiing, kompetanseutvikling, arbeidsmiljø og samarbeid med tillitsvaldeha delegert ansvar for budsjett, økonomi og forsvarleg drift av einingasikre godt samarbeid med elevar, føresette, tilsette, kommunen og relevante samarbeidspartnararfølgje opp arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø, og sikre at skulen arbeider i tråd med gjeldande lovverk og regelverk
Kvalifikasjonargodkjend pedagogisk utdanning og undervisningskompetanseundervisningserfaring frå skulerelevant leiarerfaring, gjerne frå skuleleiarutdanning er ønskjeleg. Søkjarar utan leiarutdanning må vere villige til å ta slik utdanningerfaring med, eller god forståing for, personalleiing, budsjett- og økonomiarbeidgod kjennskap til skulen sitt samfunnsoppdrag og relevant lov- og regelverkgod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskaparVi søkjer rektor / einingsleiar som
er ein tydeleg og trygg pedagogisk leiar som set elevane si læring, utvikling og trivsel i sentrumkan forvalte skulen sine ressursar slik at dei støttar god opplæring og eit inkluderande læringsmiljøer utviklingsorientert og nyttar forsking, erfaringskunnskap og kunnskap om eigen praksis i utviklingsarbeidetevnar å leie gode utviklingsprosessar og involvere elevar, medarbeidarar og føresettebyggjer tillit, skaper engasjement og bidreg til ein felles kultur for læring og utvikling
Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Andre opplysningar:
Godkjent politiattest må leggjast fram før ein tek til i stilling
Vi tilbyrutfordrande og varierte arbeidsoppgåvereit utviklingsorientert og støttande skulekontorgode støttefunksjonar innan økonomi og personalleiar- og rektorsamlingar med vekt på fagleg utvikling, leiarskap, erfaringsdeling og samarbeideit godt rektorkollegium prega av profesjonalitet, samhald og openheitløn etter avtalegode pensjons- og forsikringsordningar
This listing is from NAV. View original listing ↗